Fox-språket
Fox-språket eller meskwaki er eit algonkinsk språk som blir tala av om lag 250 medlemer av fox-sac-folket (også kalla meskwaki, meskwahki og meshkwahkiaki 'raudjordsfolket'), ei etnisk gruppe på om lag 750. Fox-språket blir rekna som ein dialekt av fox-sac-kickapoo. Mange bur i Meskwaki Settlement i Tama County i Iowa og i Sac and Fox Reservation i det sentrale Oklahoma.
Fox | ||
Andre namn | Mesquakie, Sac and Fox, Sauk-Fox | |
Klassifisering | Algisk Algonkinsk Fox-sauk-kickapoo | |
Talarar | Fox- og saukfolk | |
Bruk | ||
Tala i | USA | |
Foxtalande i alt | 200-1000 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | sac |
Fonologi
endreFox-språket har fire korte og fire lange vokalar og ni konsonantar.[1][2]
Dei fire vokal-fonema kan vere både korte og lange:
Fremre urunda | Sentral urunda | Bakre runda | |
Trong | i – ī | ||
---|---|---|---|
Midtre | e – ē | o – ō | |
Open | a – ā |
Konsonantar
endreSpråket har elleve konsonant-fonem:
Labial | Alveolar | Postalveolar | Palatal | Velar | Glottal | |
Plosiv/affrikat | p | t | c | k | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Frikativ | s | š | h | |||
Nasal | m | n | ||||
Halvvokal | w | y |
Alle konsonant-symbola har same verdi som i IPA, bortsett frå c š y, som representerer høvesvis [ʧ ʃ j].
Mellom ein vokal og ein vokal eller halvvokal kan p t c k s š vere stemde, slik at dei er uttala [b d ʤ g z ʒ], medan dei elles er ustemde (og alltid usapirerte), det vil seie [p t ʧ k s ʃ].
Fox har desse konsonantgruppene: hp ht hc hk hm hn sk. I tillegg kan dei fleste einskildkonsonantane og konsonantgruppene fylgjast av halvvokalane w y. Alternativt kan hp ht hc hk analyserast som preaspirerte motsvar til p t c k, det vil seie som ʰp ʰt ʰc ʰk.
Fotnotar
endre- ↑ Leonard Bloomfield 1925. «Notes on the Fox Language» i International Journal of American Linguistics 3:219-32.
- ↑ Leonard Bloomfield 1984. Fox – English Lexicon. (HRAFlex Books, NPS-001. Language and Literature Series: Native American Linguistics, 1.) Human Relations Area Files, Inc.: New Haven, Connecticut.
- Meskwaki ved ethnologue.com
Bakgrunnsstoff
endre- Sac and Fox Nation Arkivert 2008-12-02 ved Wayback Machine.
- Meskwaki ved ethnologue.com