Frøya kommune
kommune i Trøndelag fylke i Noreg
(Omdirigert frå Frøya kommune i Sør-Trøndelag)
Frøya er ein øykommune i Trøndelag fylke. Han ligg ytst ute på kysten, vest for innløpet til Trondheimsfjorden og nord for Hitra.
Frøya kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Sistranda | ||
Areal | 241,31 km² | ||
• land | 229,92 km² | ||
• vatn | 11,39 km² | ||
Folketal | 5 453 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Kristin Furunes Strømskag[1] (H) | ||
Kommunenr. | 5014 | ||
Frøya 63°43′32″N 8°44′39″E / 63.725555555556°N 8.7441666666667°E | |||
Kart som viser Frøya kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Frøya | |||
Nettstad: www.froya.kommune.no |
Geografi
endreKommunen er sett saman av hovudøya Frøya og Froan i nordaust, eit øyrike av til saman rundt 5.400 holmar og skjer, som grensar til Frohavet i aust, Frøyfjorden i sør og Norskehavet i nordvest.
Størstedelen av innbyggjarane bur langs austkysten av Frøya. Elles bur folk helst ved sjøen, til dømes i fleire fiskevær.
Landskapet på Frøya er skoglaust og kupert, med myr, vatn og fjell.
Sularevet utanfor Frøya var lenge kjent som det største djupvasskorallrevet i verda.
Kjelder
endre- ↑ Rønningen, Bjørn L. (29. oktober 2019). «Kristin har fått overlevert kjedet». Hitra-Frøya. Henta 13. juli 2021.