Froan

øygruppe i Frøya kommune

63°59′47″N 9°6′23″E / 63.99639°N 9.10639°E / 63.99639; 9.10639

Kart
Froan

Froan, Froøyane eller Froværet er ei øygruppe i Frøya kommune i Trøndelag som ligg ute i havet vel 40 kilometer vest for Fosenhalvøya. Namnet «Froan» kjem truleg av fraade, som er eit uttrykk for skummet på havet når det slår mot land.

Froan utgjer ein del av øyrekkja nordvest for Frøya med fiskeværa Sula, Bogøy og Mausund i sør, vidare Froan med Gjæsingen, Sørburøy og Sauøy, for deretter å ende ytst i det gamle fiskeværet Halten med Halten fyr.

To av Froøyane, Sørburøy og Gjæsingen, har permanent folkesetnad, om lag 40 personar.[1] Fram til 2010 var det òg fastbuande på Sauøya.[2] Sørburøy har barne- og ungdomsskule med vel 10 elevar, med noko fjernundervisning frå Gaske-Nøørjen Saemieskuvle.[3] Det vert drive fiskeoppdrett i området.[4] Froan kapell på Sauøy vart bygd i 1904.

Mange ferierer på øyane i sumarhalvåret.

Froan har fleire hundre øyar, i tillegg til ei mengd holmar og skjer. For det meste er øyane låge og småkuperte, med Kunna på 49 moh. som det høgaste punktet. Nokre av øyane har små innsjøar eller tjørn som resultat av tidlegare torvuttak for brensel. Nokre få av øyane har beiteland og dyrka areal, og det vert halde sau på fleire av øyane.

Historie endre

I 1694 selde den dansk-norske kong Christian V Froøyane til stiftsmann og justisråd Hans Kaas i Trondheim. Henrik Borthen kjøpte Froværet i 1779, og familien hans selde været vidare i 1923 til staten som selde vidare til oppsitjarane få år etter.

Busetnad endre

Gamle buplassar på øyane viser tidleg folkesetnad. Folk frå øya Nordbuan (no fråflytta) reknar slekta si frå Svartedauen, då folk flytta ut her.

Det finst derimot ingen faste haldepunkt til fast busetnad før fyrste halvdel av 1700-talet. Truleg var det fastbuande på Halten før det. Det finst kjelder som seier at Halten vart nytta som fiskevær heilt tilbake til 1548. Rike fiskeførekomstar medverka til folkevekst og høgt innbyggjartal i høgsesongen som gjorde Halten til det største og viktigaste fiskeværet i Fosen. På det meste skal 900 mann ha overnatta i skreisesongen tidleg på året.

Folketalsutviklinga har vore markant opp og ned. I 1865 budde det 190 menneske i Froan og i 1900 var dette auka til 272. Folketalet gjekk raskt tilbake etter den andre verdskrigen. I 1960 budde det over 400 menneske i Froan, i 1970 vel 300, i 1983 vel 130 og i 1992 75 personar.

Levevegar endre

Folk i Froan har levd av fiske og den vesle landsbruksjorda og få husdyr kunne gje. I tillegg var jakt på sel og fugl viktig, men særleg egg og dunsankinga som vart drive i svært organiserte former. Tidlegare væreigar Borthen organiserte det heile slik at innbyggjarane fekk sine øyar dei kunne sanke på. Folk fekk ha egga, Borthen sjølv tok duna. Rettane til egg og dunsanking vart fleire gonger rettsleg stadfesta ettersom det til tider var stor tilstrøyming frå folk utanfrå. Dokument viser at fredlysing mellom anna skjedde i 1756, 1781, 1801 og i 1810.

Naturreservat endre

Froan har det største samanhengande havområdet som er freda som naturreservat i Noreg. Froan naturreservat og landskapsvernområde vart oppretta i 1979. Det er avgrensingar i den frie ferdsla på land i somme tider av året.

Det er båtsamband mellom Froan og Dyrøya på Frøya eit par gonger i veka med MS Vetlefjord, noko oftare i sumarhalvåret.[5]

Kjelder endre

  1. Thorsnæs, Geir. (3. september 2019). Froan. I Store norske leksikon.
  2. Skjesol, Hilde (26. juni 2010), «- Godt å komme bort fra isolasjonen», adressa.no (på norsk bokmål), henta 7. mars 2020 
  3. Line, Maria er samisklæraren vår | Sørburøy skole (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 25. september 2020, henta 7. mars 2020 
  4. Tønset, Marianne (15. september 2017), «Snart klar for 1,6 millioner laks», adressa.no (på norsk bokmål), henta 7. mars 2020 
  5. https://www.fosennamsos.no/dyroey-oeyrekken/

Bakgrunnsstoff endre