Sjå òg Frøylandsvatnet i Sandnes.


Frøylandsvatnet er ein innsjø i landskapet Jæren. Grensa mellom kommunane Klepp og Time i Rogaland fylke går gjennom vatnet. Tettstadene Bryne, Klepp stasjon og Kvernaland ligg alle ved Frøylandsvatnet.

Frøylandsvatnet
innsjø
Utsyn over Frøylandsvatnet.
(Foto: Ranveig Thattai)
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommunar Klepp, Time
Høgd over havet 24 moh.
Areal 4,83 km²
Kystlengd1 24,10 km
Koordinatar 58°44′59″N 5°40′33″E / 58.74972°N 5.67583°E / 58.74972; 5.67583
Kart
Frøylandsvatnet
58°44′59″N 5°40′33″E / 58.749722222222°N 5.6758333333333°E / 58.749722222222; 5.6758333333333
Wikimedia Commons: Frøylandsvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Som Frøyland, er vatnet kalla opp etter den norrøne guden Frøy.

Økologi endre

Tidleg på 1980-talet blei innsjøen identifisert som eit av dei mest overgjødsla i Noreg. Giftige alger som voks på grunn av dette førte mellom anna til at fleire kyr som drakk av vatnet døydde.[treng kjelde] Aksjon Frøylandsvatnet blei danna for å jobba med problemet. Vatnet ligg midt i eit intensivt landbruksområde.

Utsleppa av næringsmiddel som nitrogen og fosfor er blitt reduserte, men oppsamla sediment i den grunne innsjøen gjer at tiltaka ikkje har hatt så stor verknad.

Kultur endre

Historie endre

Ei soge frå vikingtida fortel at Astrid frå Obrestad, svanger med Olav Tryggvason, gøymde seg på ein holme i vatnet då mannen hennar Tryggve Olavsson blei drepen i kamp og ho sjølv blei forfølgd av Eiriksønene. Ei segn seier at den framtidige kongen vart fødd på Lalandsholmen. Det er sett opp ein minnestein ved turvegen om dette.

Idrett endre

Frøylandsvatnet rundt er eit løp på 16,6 km som blir arrangert årleg. Det blir òg halde ulike rokonkurransar i sjølve vatnet. På vinteren, når tilhøva er gode, er det mogeleg å gå på skeiser frå Bryne til Kvernaland.