François Louis de Rousselet-Châteaurenault

François Louis de Rousselet, marquis de Châteaurenault[a] (163715. november 1716) var ein fransk viseadmiral, marskalk av Frankrike og adelsmann.

François Louis de Rousselet-Châteaurenault

Fødd22. september 1637
FødestadChâteau-Renault
Død15. november 1716
DødsstadParis
Rangadmiral
KonfliktarDen fransk-nederlandske krigen, Slaget ved Bantry Bay, Slaga ved Barfleur og La Hogue, Slaget ved Vigobukta, Slaget ved Vélez-Málaga

I ungdomen kjempa han i slaget ved the Dunes i 1658 mot spanjolane. I 1661 gjekk hann i den franske marinen og utmerkte seg i erobringa av Jijel under François de Vendôme de Beaufort (23. juli 1664).

I 1672 vart han kaptein på sitt eige skip og kjempa i Middelhavet mot sjørøvarar frå Salé. I 1673 leia han ein skvadron i Nordsjøen og kjempa mot Michiel de Ruyter i 1675. I 1677 segla han langs spanskekysten med berre seks skip og klarte å stå imot eit åtak frå ein flåte av 25 nederlandske skip under Cornelis Evertsen den yngre.

Under niårskrigen gjekk han i land med ein fransk arme i Irland etter å ha slått admiral Herbert i slaget ved Bantry Bay. Eit år seinare, etter ekspedisjonen mislukkast, evakuerte han den franske armeen i tillegg til 18 000 irar.

Han kjempa så i slaget ved Beachy Head i 1690 og slaget ved Lagos i 1693.

De Châteaurenault vart viseadmiral i 1701 og kommanderte den franske flåten under slaget ved Vigobukta (1702). Flaggskipet hans «La Forte» vart sett i brann under slaget.

Han vart guvernør i Bretagne i 1704.

Merknadar endre

  1. Også skrive Châteaurenaut og Châteauregnaud

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre