Jijel (arabisk جيجل) eller Djidjelli er provinshovudstad i Jijelprovinsen nordaust i Algerie. Byen har eit folketal på 131 513 etter folketeljinga i 2008. Han har kyst mot Middelhavet i Corniche Jijelienne.

Jijel
by
Land  Algerie
Provins Jijelprovinsen
Distrikt Jijeldistriktet
Koordinatar 36°49′N 05°46′E / 36.817°N 5.767°E / 36.817; 5.767
Høgd 10 m
Areal 62,38 km²
Folketal 131 513  (2008)
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 18000
Kart
Jijel
36°49′14″N 5°46′00″E / 36.820555555556°N 5.7666666666667°E / 36.820555555556; 5.7666666666667
Jijel i Jijelprovinsen
Wikimedia Commons: Jijel
Nettstad: http://www.jijel-dz.org/

Geografi endre

Jijel er eit administrasjons- og handelssentrum i ein region som spesialiserer seg i kork-, lêr- og stålproduksjon. Lokale avlingar er mellom anna sitrusfrukter og korn. Fiske er også ein viktig næringsveg. Turistar, hovudsakleg frå Algerie, kjem til Jijel på grunn av landskapet og sandstrendene. Som turistby har Jijel mange hotell og restaurantar. I nærleiken av byen finst fønikiske gravminne.

Byen ligg 30 km unna Taza nasjonalpark, som mellom anna er habitat for den truga berbarapen (Macaca sylvanus). Apen hadde tidlegare eit mykje vidare utbreiingsområde.[1]

Samferdsle endre

Jijel er bygd etter moderne planar med breie alléar. Miljøet rundt er dominert av tett korkeikskog. Ei halvøy ligg like utanfor kysten og eit citadell ligg nord for byen. Jijel har eit sjukehus, eit universitet og fleire moskear. Ei katolsk kyrkje som tidlegare låg her er no blitt riven.

Det barske landskapet gjer Jijel noko isolert. Byen har likevel vegsamband med større byar som Bejaïa (90 km vest), Setif (135 km sørvest) og Constantine (150 km søraust). Byen har også ein flyplass, Jijel Ferhat Abbas lufthamn.

Det er bygd ei høvesvis ny hamn ved Djen Djen,[2] rundt 11 km aust for Jijel. Hamna kan handsama lasteskip med djupner på opptil 18,2 m.

Historie endre

Jijel (Igilgili) var først folkesett av berbarstammar - den best kjende var Kutama. Byen var opphavleg ein fønikisk handelspost.[3] Han blei deretter halden av romarane (som Igilgili) og deretter av vandalane, bysantinarane, arabarane og genovesarane.

På 1500-talet blei han teken av den osmanske admiralen Hayreddin Barbarossa. I juli 1664 tok Frankrike kontroll over byen. Det blei organisert motstand under Shaban Aga, og franskmennene blei drivne ut i oktober same året. Jijel blei verande ein tilhaldsstad for barbareskpiratar fram til byen blei teken av Frankrike att i 1839. Sterk lokal motstand som omsider blei slått ned i 1851 førte til konstruksjonen av tre festningar ved sørgrensene av byen og minimal kolonisering. Byen blei rasert av eit jordskjelv i 1856.

Kjelder endre

  1. C. Michael Hogan. 2008
  2. Enterprise Portuaire de Djen Djen. 2009
  3. Encyclopædia Britannica. 2002