Francisco de Zurbarán
Francisco de Zurbarán (7. november 1598–27. august 1664) var ein spansk målar, og ein av dei viktigaste kunstnarane frå den spanske barokken.
Francisco de Zurbarán | |
![]() | |
Fødd | 7. november 1598 Fuente de Cantos |
Død |
27. august 1664 (65 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | stilleben, religiøst maleri, portrett, historiemåleri, sjangermåleri, mytologisk maleri |
Ektefelle | María Páez, Beatriz de Morales, Leonor de Torder |
Born | Juan av Zurbarán |
Francisco de Zurbarán på Commons |

Francisco Zurbarán, Den heilage Frans (1639), no ved National Gallery i London.

Måleriet til Zurbarán av pave Gregor den store frå 1626/1627.
Zurbarán er kjend for sine spektakulære religiøse bilete og sine særeigne stillebenmåleri, utført i ein realistisk stil som gav han tilnamnet «Spanias Caravaggio». Verka hans hadde stor innverknad i Spania og i dei spanske koloniane i Sør-Amerika, og vart ei inspirasjonskjelde for franske 1800-talsrealistar som Gustave Courbet.