Francois Barraud

François Barraud, (14. november 189911. september 1934), var ein sveitsisk kunstmålar. Bileta hans verta rekna til kunstretninga Neue Sachlichkeit (ny saklegdom).

Francois Barraud
François Barraud Autoportrait.JPG
Fødd 24. november 1899
La Chaux-de-Fonds
Død

10. september 1934 (34 år)
Genève

Yrke kunstmålar
Francois Barraud på Commons
'Atelieret', 1928
'Pløying', 1929

Liv og gjerningEndra

Barraud var fødd i La Chaux-de-Fonds. I yngre år gjekk han i lære for å verte målar og gipsarbeidar. Han gjekk i 1911 eit kveldskurs i teikning og modellering på ein skule i heimbyen, og livnærte seg det neste tiåret som handverkar. I 1922 arbeidde han i Reims i Frankrike. Han heldt si første kunstutstilling i heimbyen i 1919, same året deltok han på ei nasjonal utstilling i Basel. År 1924 reiste han til Paris for å studere kunst i Louvre. Dei neste åra måla han ei rekke stilleben og bilete av menneske, mellom anna laga han fleire dobbelportrett av seg sjølv og kona si. Hans presise, realistiske stil med bruk av detaljerte teikningar og klare, jamne fargar utvikla seg under påverknad frå gamle flamske og franske meistrar som han hadde studert ved Louvre.

Barraud var plaga med sjukdom heile sitt vaksne liv. Han slo seg ned i Genève i 1931. Der døydde han av tuberkulose tre år seinare, knapt 35 år gammal.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Francois Barraud