La Chaux-de-Fonds

La Chaux-de-Fonds er ein by i distriktet La Chaux-de-Fonds i kantonen Neuchâtel i det franskspråklege Sveits. Han ligg i Jurafjella nokre kilometer sør for grensa til Frankrike. Etter Genève og Lausanne er han den tredje største byen i den fransktalande delen av Sveits med 37 523 innbyggjarar (desember 2010).[1]

La Chaux-de-Fonds
Horisonten til La Chaux-de-Fonds
Horisonten til La Chaux-de-Fonds
Kommunevåpenet til La Chaux-de-Fonds
Kommunevåpenet til La Chaux-de-Fonds


Plassering
La Chaux-de-Fonds is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Neuchâtel
Distrikt La Chaux-de-Fonds
Språk fransk
Borgarmeister Jean-Pierre Veya
Geografi
Flatevidd
 - kommune

55,66 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

37 523
  674,1 /km²
Koordinatar 47°6.08′0″N 6°49.5′0″E / 47.10133°N 6.82500°E / 47.10133; 6.82500
Høgd over havet 1000 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 2300
Nettstad: www.chaux-de-fonds.ch
La Chaux-de-Fonds/Le Locle
verdsarv
Land  Sveits
Del av La Chaux-de-Fonds / Le Locle, Watchmaking Town Planning
Areal 5 566 km²
Type Kultur
Folketal 38 965 (31. desember 2016)
Verdsarvstad
År 2009 (#33)
Nummer 1302
Region Europa og Nord-Amerika
Kriterium iv
Kart
La Chaux-de-Fonds
47°05′59″N 6°49′46″E / 47.099627777778°N 6.8295583333333°E / 47.099627777778; 6.8295583333333
Wikimedia Commons: La Chaux-de-Fonds

Byen, som vart grunnlagd i 1656, er særleg kjend for produksjonen av ur og klokker. Kjente klokkeprodusentar som TAG Heuer, Breitling, Invicta, Corum og Movado har tilhald i byen. Klokkemerke som Omega og Rolex har også sitt opphav i La Chaux-de-Fonds.

La Chaux-de-Fonds og området kring.

Kommunen er hovudstad i distriktet med same namn.

Målaren Francois Barraud og skirennaren Georges Schneider var frå La Chaux-de-Fonds.

Kjelder

endre
  1. Canton of Neuchatel Statistics, République et canton de Neuchâtel - Recensement annuel de la population (tysk)

Bakgrunnsstoff

endre