François Mitterrand
François Mitterrand (26. oktober 1916–8. januar 1996) var ein fransk politikar. Han var president i Frankrike frå 1981 til 1995.
François Mitterrand | |||
| |||
Fødd | 26. oktober 1916 Jarnac | ||
---|---|---|---|
Død | 8. januar 1996 (79 år) | ||
Statsborgar av | Frankrike | ||
Parti | Parti socialiste (1971; 1996) | ||
Yrke | politikar, advokat, journalist | ||
Utdanna ved | Faculté de droit de Paris Sciences Po | ||
Mor | Yvonne Lorrain | ||
Far | Joseph Mitterrand | ||
Ektefelle | Danielle Mitterrand | ||
Sambuar | Anne Pingeot | ||
Barn | Jean-Christophe Mitterrand, Gilbert Mitterrand, Mazarine Pingeot, Hravn Forsne | ||
Medlem | Académie du Morvan | ||
Alle verv |
|
Liv og virke
endreBakgrunn
endreMitterrand vart fødd i Jarnac i Charente. Som ung var han sterkt konservativ og ein ivrig katolikk. Han slutta seg til ultranasjonalistane Croix de Feu. Han var innrullert i hæren under den andre verdskrigen, vart teken som krigsfange i 1940 og kom fri året etter. Han slutta seg til Vichy-regimet og vart statssekretær. Han samarbeidde òg med den franske motstandsrørsla, men heldt fram med å arbeida for Vichy-regjeringa.
Etter den andre verdskrigen
endreEtter krigen gjekk han tidleg inn att i politikken, slutta seg til eit sentrum-venstre-parti og vart innvald i parlamentet for departementet Nièvre i 1946. Han hadde forskjellige verv i den fjerde franske republikken, før han trekte seg på grunn av Frankrike sin politikk i Algerie. I 1958 var han ein av dei høvesvis få som var mot at Charles de Gaulle vart vald til president, og mista sitt sete i parlamentet i valet same år. I 1959 unngjekk han såvidt eit drapsforsøk. Drapsforsøket gav han mykje merksemd, og sette fart på den politiske karrièren. Kritikarar hevdar at han sjølv organiserte drapsforsøket. Politiet etterforska saka, men ho vart lagd til sides.
President
endreI den femte franske republikken stilte han til val som president i 1965, men tapte mot de Gaulle. Han vart medlem, og frå 1971 leiar av, det franske sosialistpartiet. Han var president for venstrekoalisjonen av sosialistar og liberale frå 1965 til 1968. Han stilte til val som president igjen i 1974 mot Valéry Giscard d'Estaing, men tapte på nytt. I 1981 vart han den fyrste sosialisten som vart president i den femte franske republikken. Ei av hans fyrste avgjerder var å avskaffa dødsstraff i Frankrike. Mitterand vart tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden i 1984.
Innanriks vart hans politiske mål hindra av ei rad økonomiske kriser, og av eit parlament med konservativt fleirtal (frå 1986 til 1988, og 1993 til 1995). Trass i dette samarbeidde han godt med den konservative statsministeren Jacques Chirac. Internasjonalt spela Mitterrand ei viktig rolle, særleg når det gjaldt utviklinga av EU. Han støtta utvidinga av unionen med Spania og Portugal, og hadde eit nært tilhøve til den tyske kanslaren Helmut Kohl. Tilhøvet la grunnlaget for forsoning og eit nært samband mellom Frankrike og Tyskland. Mitterrand og Kohl er rekna som hovudpersonane bak Maastricht-traktata.
Presidentperioden tok slutt i mai 1995. Han vart etterfylgd av Jacques Chirac og døydde av kreft seks månader seinare.
Familie
endreKona, Danielle Mitterrand, er kjend som venstreaktivist. I tillegg til sønene Jean-Christophe og Gilbert Mitterrand, hadde han ei dotter, Mazarine Pingeot med Anne Pingeot. Nevøen Frédéric Mitterrand er journalist.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- Denne artikkelen bygger på «François Mitterrand» frå Wikipedia på bokmål, den 28. november 2005.
Bakgrunnsstoff
endre- François Mitterrand ved The Internet Movie Database (IMDb)