Frank-Peter Roetsch

Frank-Peter Roetsch (fødd 19. april 1964) er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Güstrow i Mecklenburg-Vorpommern, som representerte DDR. Han vann fem gullmedaljar i VM i skiskyting, to av desse i stafett, og to gullmedaljar i olympiske leikar, begge individuelt. Åra 1983-89 tok han sju gullmedaljar og seks sølvmedaljar i ulike VM og OL, åtte av medaljane kom i individuelle øvingar. Han vann verdscupen i skiskyting både i 1984, 1985 og 1987.

Frank-Peter Roetsch

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 19. april 1964 (59 år)
Güstrow
Yrke skiskyttar, sportskommentator
Språk tysk
Høgd 175 centimeter
Politisk parti Sozialistische Einheitspartei Deutschlands
Frank-Peter Roetsch på Commons

Aktiv endre

Roetsch slo gjennom med i ein smell i 1983-sesongen. Knapt 19 år gammal tok han sølvmedaljen på 20 km og vart nummer fire på 10 km i skiskyting-VM. Han fekk rimelegvis plass på DDR sitt lag i 4x5 km stafett, og tok der med seg ytterlegare ein sølvmedalje. Også under vinter-OL 1984 tok han ein sølvmedalje då han på 20 km kopierte prestasjonen frå VM året før. OL-sesongen elles var framifrå, då han gjekk heilt til topps i verdscupen i skiskyting.

Roetsch forsvarte tittelen som verdas beste skiskyttar i 1985. Han var elles den fyrste skiskyttaren som tok i bruk skøyteteknikken i løypa, då han det året sigra klart i eit verdscuprenn i Oberhof. I VM i skiskyting 1985 lukkast han ikkje individuelt, men fekk eit nytt stafett-sølv med DDR. Under VM i Oslo 1986 fekk Roetsch for femte gong ein sølvmedalje, også då i stafett.

I 1987 var Roetsch den klart beste skiskyttaren i verda og sikra seg sigeren i verdscupen for tredje gong. Endeleg lukkast han fullt ut i ein verdsmeisterskap, i Lake Placid steig han til topps i alle tre øvingane; 20 km, 10 km og 4x5 km stafett med DDR. Saman med Jürgen Wirth, Matthias Jacob og André Sehmisch syrgde han for ein suveren siger til DDR. Også i dei olympiske leikane i 1988 imponerte Roetsch med å vinne begge dei individuelle tevlingane.

Roetsch vann sitt siste VM-gull i 1989 då han i lag med Frank Luck, Sehmisch og Birk Anders vart verdsmeistrar i stafett i Feistritz.

Han la opp som skiskyttar i 1992.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar