André Sehmisch (fødd 27. september 1964) er ein tysk tidlegare skiskyttar som representerte DDR og seinare Tyskland. Han vart verdsmeister i stafett med DDR i 1987 og 1989. Individuelt vann han både sølv og bronse under VM i Oslo i 1986, i tillegg til ein bronse på 10 km i VM 1987. Sehmisch vann verdscupen i skiskyting 1986.

André Sehmisch


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 27. september 1964 (59 år)
Breitenbrunn
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1988

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Karriere endre

Sehmisch vart juniorverdsmeister på 15 km skiskyting både i 1983 og 1984. I sin fyrste sesong som senior gjekk han startetappen for DDR sitt stafettlag som tok sølv i VM 1985. Dernest opplevde han sin største sesong, 1986-sesongen. Han vann verdscupen i skiskyting og tok medaljar i alle tre tevlingane under VM 1986 i Oslo. I alle øvingane vart han slått av Valerij Medvedtsev, det store namnet under meisterskapen, men fekk sølv på 20 km og i stafett, og tok bronsen på 20 km.

Under VM 1987 tok Sehmisch ein individuell bronsemedalje bak to landsmenn, og gjekk med dei same to, Frank-Peter Roetsch og Matthias Jacob, pluss Jürgen Wirth, inn til gull på stafetten. Også i VM 1989 vart Sehmisch verdsmeister i stafett for DDR, da saman med Roetsch, Frank Luck og Birk Anders. I 1990 sikra han seg si siste internasjonale medalje, VM-bronsen var den femte på stafett og den åttande totalt.

Han la opp som skiskyttar i 1993 og starta eigen skiskule.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre