Frank Luck (fødd 5. desember 1967) er ein tysk tidlegare skiskyttar, fødd i Schmalkalden i Thüringen, som representerte DDR og seinare Tyskland. I tida 1989 til 2004 vann han 11 VM-gull og to OL-gull, ti av desse gullmedaljane fekk han med stafettlag og i lagøvinga. Til saman vann Luck 25 medaljar i dei internasjonale meisterskapane i skiskyting.

Frank Luck


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 5. desember 1967 (56 år)
Schmalkalden
Idrett skiskyting
Tok del i

biathlon at the 1988 Winter Olympics – sprint, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Normaldistanse menn, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's individual, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Stafett menn, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's relay, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's relay, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's sprint, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's sprint, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's pursuit

Utmerkingar

Sparkassenpreis für Vorbilder im Sport

Karriere endre

Luck kvalifiserte seg til vinter-OL i Calgary, der han kom på sjetteplass på 10 km. Hans store gjennombrot kom året etter, då han vart verdsmeister på 10 kilometer og med DDR sitt stafettlag. I 1990 fekk han eit nytt VM-gull med DDR, då han i Oslo gjekk lagøvinga. Året etter tok han sølvmedaljen på 10 km i VM og deltok på det samla Tyskland sitt vinnarlag i 4x7,5 km stafett. Grunn sjukdom kunne han ikkje delta i vinterleikane 1992 i Albertville.

Under VM 1993 i Borovets tok Luck to medaljar; gull i lagøvinga og bronse på stafetten. Han kom på sølvplassen på 20 km under OLLillehammer i 1994 før han vart olympisk meister med det tyske stafettlaget. Også i VM 1995 og VM 1997 fekk han VM-gull i stafett. Sameleis gjekk det i Nagano under vinter-OL 1998. Luck hadde dermed vore med å vinne fire gullmedaljar på fem år i stafettøvinga, berre i 1996 måtte Tyskland nøye seg med sølv.

Ti år etter han vann sin fyrste individuelle VM-tittel i 1989, kopierte Luck bragda ved å vinne 10 km under VM 1999 i Kontiolax. Han tok så sin tredje og siste individuelle gullmedalje då han i Oslo i 2000 vann jaktstarten, etter å ha vorte nummer fire på 10 km. Luck tok elles bronsemedaljen på 20 km i same meisterskapen. Sidan tok han OL-sølv på 20 km i 2002, og kunne i 2003 og 2004 kassere inn VM-gull i stafett for høvsesvis sjuande og åttande gong.

Luck vart nummer tre i verdscupen i skiskyting i 1994 og 1999. Både i 2000 og 2002 vart han tildelt pokalen som beste utøvar på 20 km i verdscupen. I alt vann han 12 individuelle renn i verdscupen.

Han la opp som skiskyttar i 2004.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre