Frank Siebeck (fødd 17. august 1949) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Aust-Tyskland. Han vart i 1971 europameister på 110 meter hekk.

Frank Siebeck
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 17. august 1949 (74 år)
Schkeuditz
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Sommaren 1970 sette Siebeck landsrekord på korthekken med 13,5 sekund då han vart austtysk meister i Erfurt. Den 30. mai 1971 forbetra han rekorden til 13,4 i Jena. Ut i august vann han gullmedaljen då EM i friidrett 1971 i Helsinki. Han vart klokka inn på den elektronisk tida 14,00 sekund, ni tidels sekund framom briten Alan Pascoe. Midt i juni 1972 flytta Siebeck landsrekorden til 13,3 sekund ved eit stemne i Potsdam. Under dei olympiske sommarleikane i München i september måtte han nøye seg med femteplassen etter eit finaleløp på 13,71. Eit halvt år seinare sigra Siebeck på 60 meter hekk ved innandørs-EM i Rotterdam, tid 7,71 sekund. Året etter mislukkast han heilt i finalen på 110 meter hekk ved EM i friidrett 1974 i Roma, enda desidert sist av dei åtte finalistane. 10. juli 1976 fekk han i Berlin notert livsbeste 13,38 sekund, men under Sommar-OL 1976 rauk han ut or tevlinga i semifinalen.

Kjelder endre