Fransiskanarklosteret i Konghelle

Fransiskanarklosteret i Konghelle låg aust i mellomalderbyen Konghelle i dåverande Båhuslen i Noreg. Delar av ruinane er i dag synlege over bakkenivå, medan resten enno truleg ligg i grunnen.

Klosteret vart grunnlagt i regjeringstida til kong Magnus Lagabøte, det vil seia etter 1263, men før 1272, då vi veit det vart halde eit møte i klosteret.[1]

Klosteret vart nedlagt etter reformasjonen, og i 1532 vart det brent ned under stridene mellom Frederik I og Christian II. Seinare vart det henta stein frå ruinane for å byggja på Båhus festning.

Restane av klosteret vart funne i 1862, og klosteret og den tilhøyrande kyrkja vart arkeologisk undersøkt i 1953-54. Kyrkja var bygd av teglstein, og var ca. 35 m lang og ca. 11 m brei, med ei polygonal koravslutning som viser at koret hadde kvelv. Kyrkja har hatt eit tilbygg mot nord i den austre delen. Klosterbygningane har lege sør for kyrkja. Klosterkyrkja vart graven heilt fram, til liks med eit par av bygningane sør for denne. Store delar av anlegget ligg truleg enno under markoverflata.[2]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. http://www.katolsk.no/praksis/klosterliv/artikler/kap_08
  2. http://www.katolsk.no/praksis/klosterliv/artikler/kap_08

Bakgrunnsstoff endre