Opna hovudmenyen

Fredrik I (7. oktober 147110. april 1533) var den nest eldste (og yngste) sonen til Kristian I av Noreg, Danmark og Sverige og Dorothea av Brandenburg og bror av Hans av Danmark, Noreg og Sverige. Fredrik var konge av Danmark og Noreg frå 1523 til 1533. Han voks opp i hertugdøma Schleswig og Holstein.[1]

Fredrik I
Frederik 1-detail.jpg
Konge av Danmark og Noreg
Regjeringstid1523-1533
Fødd7. oktober 1471
FødestadHaderslev
Død10. april 1533 (61 år)
Gottorp slott
DødsstadGottorp
GravstadSchleswig domkyrkje
FøregangarKristian II av Danmark-Noreg
EtterfølgjarKristian III av Danmark-Noreg
Gift medAnna av Brandenburg, Sophie av Pommern
EktefellarAnna av Brandenburg
Sophie av Pommern
DynastiHuset Oldenburg
MottoMit håb er Gud alene
FarKristian I av Noreg, Danmark og Sverige
MorDorothea av Brandenburg
BornKristian III

Fredrik gifta seg fyrste gong med den 15 år gamle dottera til kurfyrsten av Brandenburg hertuginne Anna av Brandenburg den 10. april 1502.[1] Med Anna fekk han borna Kristian, den seinare Kristian III og Dorothea av Oldenburg, som blei gift med Albrecht av Preussen. Anna døydde i 1514.

I oktober 1518 gifta han seg med Sophie av Pommern, dotter av Bogislav X av Pommern.[1] I ekteskapet med Sophie blei det fødd fem born; Hans (1521–1580), Elisabeth (1524–1586), Adolf (1526–1586), Dorothea (1528–1575) og Frederik (1529–56).

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fredrik I av Danmark-Noreg