Kristian II av Noreg, Danmark og Sverige

Kristian II, dansk Christian II (1. juli 148125. januar 1559) var konge i Noreg, Danmark og Sverige, av den danske slekta Oldenborg. I Sverige er han kjend under tilnamnet Kristian Tyrann.

Kristian II

Konge av Danmark, Noreg
og Sverige
RegjeringstidDanmark-Noreg: 15131523
Sverige: 15201523
Fødd1. juli 1481
FødestadNyborg
Død25. januar 1559
DødsstadKalundborg
GravstadSankt Knuds kirke
FøregangarDanmark-Noreg: Hans I
Sverige: Sten Sture d.y. (riksforstandar)
EtterfølgjarDanmark-Noreg: Frederik I
Gift medIsabella av Burgund
DynastiFyrstehuset Oldenburg
Motto«Så var det beskikket»
FarHans av Danmark, Noreg og Sverige
MorChristine av Sachsen
BornHans, Dorothea av Oldenburg, Christine av Danmark, Maximilian, Philip, dødfødt sønn
Kristian II på eit måleri av Michael Sittow frå 1514 eller 1515. Måleriet har tilhøyrt Kongens Kunstkammer sidan rundt 1690 eller tidlegare og er no i Statens Museum for Kunst. Olje på tre, 31x22 cm.

Liv endre

Christian vart fødd i 1481 på Nyborg slott som son av kong Hans og Christine av Sachsen. Han var dansk-norsk konge i perioden 1513–1523 og svensk konge 1520–1523. Før han kom på trona, hadde han vore visekonge i Noreg i 1506–1513. Her lærde han norsk lynne å kjenna og dei norske stormennene lærde kva Christian stod for, nemleg ei klar anti-aristokratisk linje. Målet var å setja det norske riksrådet ut av spel, slik at han fekk full kontroll over landet og dermed fekk styrkt kandidaturet sitt ved det komande kongevalet.

Kjærleik endre

I Noreg møtte han to hollandske kvinner som begge fekk mykje å seie for livet hans: Dyveke, som han møtte ved ein dansefest på rådhuset i Bergen, og mor hennar, Sigbrit Willums.

Før Christian vart krona, vart han tvunge av dei danske stormennene til å underskriva ei streng handfestning, som avgrensa kongehuset si makt på mange vis. Ei tilsvarande handfestning måtte han underskriva før han vart vald til norsk konge. Her vart det mellom anna teke inn avtalepunkt som styrkte den norske adelen.

Giftarmål endre

I 1515 gifta han seg med Isabella av Habsburg, den seinare keisar Karl V si yngre søster, som frå no av vart kalla med den skandinaviske forma av namnet sitt, Elisabeth. Trass dette ekteskapet var Dyveke framleis kongen si elskarinne og store kjærleik, han installerte henne i ein villa passeleg nær kongeslottet. I 1517 døydde Dyveke uventa. Kongen meinte at lensmannnenKøbenhavns Slott, Torben Oxe, hadde forgifta henne. Trass i forbøn frå Riksrådet og hoffet lét kongen Torben Oxe halshogga. Etter denne episoden neglisjerte kongen adelen, og Riksrådet handla heretter nesten utelukkande etter råd frå mor Sigbrit og Malmö sin borgarmeister, Hans Mikkelsen. I denne perioden hadde Sigbrit nærast status som finansminister i landet.

Etter at Dyveke døydde fekk kong Christian endeleg interesse for den unge dronninga si, og ekteskapet utvikla seg til eit av dei mest harmoniske i kongehuset si historie. Den karakterfaste og trufaste Elisabeth støtta kongen i eitt og alt. Etter at han måtte gå frå trona reiste ho med han utanlands, og fungerte som representant ovanfor utanlandske statsoverhovud då han prøvde å vinna kongemakta attende. Elisabeth konverterte til protestantismen i 1523, og då ho døydde i 1526 måtte Christian sjå at alle tre borna vart tekne av hennar katolske slektningar for at dei skulle kunna veksa opp i «den rette tru».

Styre endre

Kristian II vart av svenskane kalla Kristian Tyrann, men han er òg omtalt som den første rennesansekongen i Norden, fordi han meisla ut ein ny politikk, tufta på nye ideal om statsstyringa. Kongen skulle ta ansvaret for styringa av heile samfunnet. Kongen, og ikkje adelen, skulle ta ansvaret for bøndene og landarbeidarane. Kongen, og ikkje Paven, skulle styre kyrkja. Kongen, og ikkje hanseatane, skulle kontrollere handelen. Når kongen tok større ansvar for statsstyringa, trong han òg større inntekter. Han skreiv difor ut ein rad med tilleggsskattar ut over dei skattane som var heimla i den norske landslova. Men ut frå dei nye ideala om statsstyringa var det Kongen, og ikkje bøndene på tinget, som skulle avgjere kva bøndene skulle betale i skatt. Den siste av desse ekstraskattane var tiendpengeskatten (innkrevd 1521–1522), som påla folket å betale ein tidel av formuen i skatt.

Krig endre

Christian II hadde lenge gått i tankar om å ta den svenske krona, og hadde prøvd å vinna henne utan hell i 1517 og 1518 medan den svenske riksforstandaren Sten Sture og erkebiskopen Gustav Trolle. I 1520, etter at paven hadde bannlyst Sten Sture, gjekk kongen igjen til åtak på Sverige. I kampen som følgde blei riksforstandaren dødeleg såra, og sjølv om enka hans Kristina Gyllenstierna fortsatt kjempa, ende krigen med at borga i Stockholm blei overgjeven mot av svenskane fekk fullt amnesti. Den 4. november let Christian seg krona som arvekonge.

Han feira deretter dette med fest på Stockholm slott. Den fjerde dagen blei portane til slottet stengde, og mange av bispane og adelsmennene som var til stades blei fengsla. Dei blei så skulda for kjetteri, noko kongen og rådgjevarane hans meinte dei aldri hadde gjeve amnesti for. Dei blei avretta i det som er blitt kalla Stockholms blodbad. Seinare skulle kongen, anten personleg eller gjennom underordna, drepa rundt 600 menneske, medrekna barn, i Sverige og Finland. Kristina Gyllenstierna og fleire adelskvinner blei tekne som fangar til Danmark.

 
Kongen rundt 1523, gravert av Jan Gossaert.

Opprør endre

Svenskane reiste seg snart i opprør mot kongen dei nå kalla «Kristian Tyrann», og Gustav Vasa blei vald til riksforstandar i august 1521. Samstundes var danskane òg blitt misnøgde med kongen. Han hadde teke økonomiske rettar frå adelen, makt ifrå dei geistlege, og då han innførte nye skattar for å kunne kriga i Sverige fekk han òg allmugen imot seg. Under eit møte i Viborg samla dei jyske biskopane og adelsmennene seg mot kongen, og sende han den 20. januar 1523 eit avskjedsbrev. Christian tenkte først å nedkjempa dei, men kunne ikkje samla nok folk.

Den 26. mars blei farbroren hans hylla som Frederik I i Viborg, medan lovane Christian hadde gjeve blei brende opp som «skadelege og stridande mot gode skikkar». 13. april forlét Christian med familie og trufaste tilhengjarar til Nederland. Kongen hadde håpa å finna hjelp der, men ende opp med å leva der i eksil i åtte år.

 
Christian II i fængslet på Sønderborg Slot (1871). Måleri av Carl Bloch.

Siste forsøk endre

I 1531 gjekk Christian i land med troppar i Noreg, der han blei hylla som konge. Året etter blei han lokka til forhandlingar i København under løfte om fritt leide. Kong Frederik braut løftet og let Christian føra som fange til Sønderborg slott. I 1549 blei han så overført til Kalundborg slott, der han fekk lov til å bevega seg utandørs og gå på jakt.

Christian III, sonen til Frederik, døydde i januar 1559, blei vakthaldet rundt gamlekongen igjen styrkt og privilegia hans innskrenka, trass i at han nå var 77 år gammal. Ein frykta nye maktkampar frå Christian, men berre tre veker seinare døydde han, og fekk ei kongeleg gravferd før han blei lagt til kvile i Gråbrødrekirken i Odense ved sida av foreldra sine. Christian II er den einaste danske kongen som har overlevd etterfølgjaren sin på trona.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kristian II av Noreg, Danmark og Sverige