Bohuslän
Bohuslän (norsk Båhuslen) er Sveriges vestlegaste landskap. Det vender mot Skagerrak i vest, og har grenser mot Västergötland og Dalsland i aust, og dessutan til Østfold fylke i Noreg i nord.
Bohuslän | |||
landskap | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Fylke | Västra Götalands län | ||
Del av | Götaland, Sverige | ||
Areal | 4 400 km² | ||
Folketal | 309 248 (31. desember 2020)[1] | ||
Bohuslän 58°14′53″N 11°53′13″E / 58.248°N 11.887°E | |||
Wikimedia Commons: Bohuslän |
Uddevalla er den største byen som ligg heilt innanfor landskapet, mens den mykje større byen Göteborg har fleire forstader i Bohuslän, sjølv om brorparten ligg i Västergötland. Eldste byen er Kungälv, som vart grunnlagd rundt 1100.
Landskapet er kjent for fiskeri og turisme i skjergarden, og har 20 000 registrerte fornminne, mellom anna ei mengd helleristingar. Helleristingsområdet i Tanum er teke med på UNESCOs verdsarvliste.
Historie
endreBohuslän høyrde til Noreg, og kongeriket Danmark-Noreg, fram til freden i Roskilde i 1658. Heile landskapet unnateke Enningdalen vart då ein del av Sverige.
Landskapet er kalla opp etter Bohus fästning. Kong Håkon V Magnusson av Noreg lét frå 1308 byggja Båhus festning.
Geografi
endreØyar i Bohuslän
endreStader i Bohuslän
endre- Göteborg (ligg tildels i Bohuslän)
- Kungälv
- Ljungskile
- Lysekil
- Marstrand
- Munkedal
- Skärhamn
- Smögen
- Stenungsund
- Strömstad
- Tanumshede
- Uddevalla
- Öckerö
Kommunar i Bohuslän
endreSjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Folkmängd i landskapen den 31 december 2020». Statistiska centralbyrån.
Bakgrunnsstoff
endre- Om talemål i Bohuslän Arkivert 2003-02-16 ved Wayback Machine.