Französische Suiten

(Omdirigert frå Franske suitar)

Französische Suiten (Franske suitar), BWV 812-817, er ei samling av seks suitar som Johann Sebastian Bach skreiv for klaver (cembalo eller klavikord) mellom 1722 og 1725.[1]. Suitane vart seinare gjeven namnet «Fransk» (først nytta av Friedrich Wilhelm Marpurg i 1762) for å skilje dei frå Englische Suiten. Namnet vart popularisert av Bach-biografen Johann Nikolaus Forkel, som skreiv i biografien sin om Bach frå 1802, «Ein kallar dei vanlegvis Franske Suitar fordi dei vart skriven på ein fransk måte.»[1] Dette er derimot ein upresis påstand. Som dei andre suitane til Bach, følgjer dei i stor grad den italienske forma.[2].

Det finst ikkje noko original manuskript av desse suitane og ornamenteringa varierer frå kopi til kopi.[1]

To tilleggssuitar, ein i a-moll (BWV 818), og ein annan i Ess-dur (BWV 819), er knytt til dei kjende seks suitane i nokre manuskript. Ouverture i fransk stil, BWV 831, som Bach publiserte som den andre delen av Clavier-Übung, er ein suite i fransk stil, men som ikkje er knytt til Franske suitar.[3]

Dei franske suitaneEndra

Suite No. 1 i d-moll, BWV 812Endra

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Menuett I/II
  5. Gige

Sjølv om suitane 1-4 er typisk datert til 1722, er det mogeleg at denne suiten vart skriven noko tidlegare.[1]

Suite No. 2 i c-moll, BWV 813Endra

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Air
  5. Menuett
  6. Menuett - Trio (i BWV 813a)
  7. Gige

Suite No. 3 i h-moll, BWV 814Endra

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Menuett
  5. Trio
  6. Anglaise -- Bach kalla opphavleg denne satsen Gavotte (ein dans som liknar mykje på Angloise). Han kan ha endra namnet fordi satsen manglar den karakteristiske oppslaget til gavotten. [4]
  7. Gige

Suite No. 4 i Ess-dur, BWV 815Endra

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Gavotte
  5. Air
  6. Gige

Suite No. 5 i G-dur, BWV 816Endra

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Gavotte
  5. Bourrée
  6. Loure
  7. Gige

Dei første taktane I denne suiten vart skriven I 1722, men ikkje gjort ferdig før i 1723.

Suite No. 6 i E-dur, BWV 817Endra

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Gavotte
  5. Polonese
  6. Bourrée
  7. Menuett
  8. Gige

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Bach. The French Suites: Embellished version. Barenreiter Urtext
  2. Christophe Rousset, om innspelinga av French Suites, Ambroisie AMB9942
  3. Hans-Joachim Schulze, The French Influence in Bach's Instrumental Music, Early Music, 13:2, 1985 (J. S. Bach Tercentenary Issue, 180-184.
  4. Bach. The French Suites: Embellished version. Barenreiter Urtext

BakgrunnsstoffEndra