Polonese (av fransk for «polsk», polonaise) er ein sakte dans i ¾-takt av polsk opphav.

Polonese i det fri, måleri av Korneli Szlegel

Før Frédéric Chopin hadde polonesen ein rytme nær den svenske sekstandedelspolkaen, som begge har felles opphav. Frå Chopin vart polonesen utvikla i ein høgtidleg stil og vart ei populær form for klassisk musikk i fleire land.

Polonesen er den første dansen ved studniówka, den polske feiringa av artium, hundre dagar før eksamen. Eit kjent døme på ein polonese er Chopins Heltepolonese i Ass-dur, op. 53, som skulle førestille draumen hans om eit sigerrikt, mektig Polen – den gongen ikkje ein gong eit eige land. Då tyske styrkar invaderte Polen i byrjinga av den andre verdskrigen, spelte den polske radioen ustanseleg denne polonesen.

Sjå òg endre

Kjelder endre