Fraunhoferlinje

(Omdirigert frå Fraunhoferske linjer)

Fraunhoferske linjer eller fraunhoferlinjer er skarpe, mørke linjer på tvers av solspekteret. Dei blir forklart som absorpsjonslinjer som kjem av lys med avgjorde bølgjelengder absorberast sterkt i einskilde atom i den ytre solatmosfæren. Dei gjev difor opplysningar om samansetnaden i solatmosfæren.

Solspekter med fraunhoferske linjer.

Dei fraunhoferske linjene vart først påvist av William Hyde Wollaston i 1802. Han oppfatta dei som delelinjer mellom lys med ulike fargar. Linjene vart gjenoppdaga av Joseph von Fraunhofer i 1814. Han fann ca. 600 slike linjer, avgjorde bølgjelengdene deira og gav dei sterkaste av dei nemningar med bokstavar. Desse linjene er sidan brukt som referanselinjer for lys med avgjorde bølgjelengder.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fraunhoferlinje