William Hyde Wollaston
William Hyde Wollaston (6. august 1766–22. desember 1828) var ein engelsk kjemikar og fysikar som er kjend for å ha oppdaga dei to grunnstoffa palladium og rhodium, og for å ha utvikla ein måte å handsame platinamalm til formbare barrar.[1]
William Hyde Wollaston | |||
| |||
Fødd | 6. august 1766 East Dereham i Norfolk i England | ||
---|---|---|---|
Død | 22. desember 1828 (62 år) Chislehurst i England | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | Kjemi Fysikk | ||
Yrke | kjemikar, fysikar, ingeniør, metallurg, astronom | ||
Institusjonar | University of Cambridge | ||
Alma mater | Gonville and Caius College Charterhouse School | ||
Kjend for | Oppdaginga av palladium og rhodium Camera lucida Mørke linjer i solspektrumet | ||
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences Det bayerske vitskapsakademiet |
Wollaston praktiserte først som lege og vart i 1793 fellow og i 1806 sekretær i Royal Society. Han oppdaga metalla palladium og rhodium, fann opp kryoforen, camera lucida, goniometer, og han var den første som observerte mørke linjer i solspekteret (fraunhoferske linjer). Han fann opp ein metode å trekkje fine platinatrådar ved å omgi platina med sølv og trekke det heile ut. Sølvet vart sidan etsa vekk i salpetersyre. Slike wollastontrådar med diameter ned til 0,5 μm har store bruksområde i fysikken i dag.
Geological Society utdeler Wollaston-medaljen til særleg fortente geologar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «William Hyde Wollaston» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Melvyn C. Usselman: William Hyde Wollaston Encyclopedia Britannica, retrieved 31 March, 2013
- William Hyde Wollaston. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 20. august 2013.