Freaky!

song frå 2020 med Senhit

«Freaky!» er ein pop-diskosong frå 2020 som vert framført av den italienske songaren Senhit. «Freaky!» er komponert av Gianluigi Fazio, Henrik Steen Hansen og Nanna Bottos. Songen skulle ha vore det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Om songen endre

6. mars 2020 offentleggjorde den sanmarinske kringkastaren San Marino RTV at den italienske songaren Senhit skulle representere San Marino i Eurovision Song Contest 2020.[2] Senhit offentleggjorde to songar – «Freaky!» og «Obsessed» – som folk kunne røyste mellom i ei to dagar lang internettavrøysting. 9. mars 2020 offentleggjorde Senhit at «Freaky!» hadde fått flest røyster og dimed var det sanmarinske bidraget i tevlinga.[3] Songen er skriven av Gianluigi Fazio, Henrik Steen Hansen og Nanna Bottos.[4]

Eurovision Song Contest endre

I januar 2020 vart San Marino trekt til å deltake i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai. San Marino debuterte i tevlinga i 2008 og har kvalifisert seg til finalen to gonger tidlegare, seinast i 2019 med Serhat og «Say Na Na Na».

Avlysinga endre

På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest 2020 for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[5] Songen fekk dimed aldri delteke i tevlinga.

Referansar endre

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «San Marino: Senhit to Sing "Freaky!" at Eurovision 2020». Eurovoix (på engelsk). 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020. 
  3. «The votes are in: San Marino's Senhit will sing 'Freaky!' in Rotterdam». eurovision.tv. 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020. 
  4. «San Marino: Senhit will be Freaky in Eurovision 2020». Eurovisionworld. 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.