Frederik Glad

Fredrik Glad (8. august 176011. september 1840) var ein norsk gardbrukar, papirfabrikant og stortingsmann frå Christiania.

Frederik Glad
Fødd 8. august 1760
Christiania
Død

11. september 1840 (80 år)
Aker

Yrke bonde, politikar
«Akerselva ved Beierbrua med Glademøllen». Litografi av Peter Frederik Wergmann (1802-1869) med Nedre papirmølle, seinare kalla Glads mølle.

Glad var son av ein kjøpmann i Christiania. Sjølv vart han student i 1777. To år etter overtok han storgarden Grefsen og Nedre papirmølle i Aker. Eit par år seinare gifta han seg med 15-16 år gamle Johanne Dallas, ei dansarinne ved Det Kongelige Teater i København, men opphavleg frå Hamburg.

Glad var 1. representant frå Akershus amtStortinget 1815-16. Han var medlem av fem komitear, mellom andre av komiteen om odelslova og komiteen for land- skog- og bergvesen.

Han styrte interessene sine frå Grefsen livet ut og døydde der i 1840.

KjelderEndra