Glads mølle

(Omdirigert frå Nedre papirmølle)

Koordinatar: 59°55′55.085″N 10°45′27.630″E Glads mølle eller Nedre papirmølle, er ein tidlegare fabrikkbygning som ligg ved Beyerbrua og Vøyenfossen, Akerselva i Oslo. Gateadressa er Sandakerveien 10.

Glads mølle
Glads moelle 02092012 1.JPG

Glads mølle
59°55′55″ N 10°45′28″ E
«Akerselva ved Beierbrua med Glademøllen». Litografi av Peter Frederik Wergmann (1802-1869).
Glads mølle
Foto: Mahlum

Bygninga er frå 1736 og blei reist av handelshuset Collett & Leuch som papirmølle, i åra 1748–98 som ein del av Bentse Brug.

I 1798 tok Frederik Glad over mølla og ho fekk namn etter han. Mot slutten av 1870-åra opphøyrde drifta og i 1880 vart ho tatt over av Hjula Væverier.

Glads mølle er rekna som Oslos eldste bevarte industribygning. Ho er bygd i panelt tømmer med høg underetasje av mur og høgt mansardtak med arker. Bygninga er freda.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Glads mølle