Frederik Hegermann

Frederik Christian Otto Hegermann (22. juli 176927. mai 1841) var ein norsk offiser og stortingsmann.

Frederik Hegermann

Fødd22. juli 1769
Fredrikshald
Død27. mai 1841 (71 år)
Statsborgar avNoreg
YrkeOffiser
VervStortingsrepresentant til Stortinget i 1814
Alle verv

Hegermann var fødd i Fredrikshald. Han vart offiser i 1785, og fire år seinare premierløytnant ved 1. trondhjemske infanteriregiment. Etter 1800 steig han i gradane; kaptein 1802, major 1811, oberstløytnant 1815, oberst 1818. I 1825 vart han generaladjutant for hæren, frå 1831 generalmajor og kommandant i Trondheim.

Hegermann deltok på det overordentlege stortinget 1814 som 2. representant frå Trondheim. Han var medlem av protokollkomiteen og komiteen om uavgjorte saker. 10. oktober 1814 var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik, og seinare av deputasjonen som møtte kronprins Karl Johan.

Perioden 1795-1825 budde Hegermann nokså fast på eigedomen Ranheim i Strinda. Han døydde 1841 på Rikshospitalet i Kristiania. Diderich Hegermann var ein eldre bror.

Utmerkingar endre

Hegermann var innehavar av Sverdordenen og Dannebrogordenen.

Kjelder endre