Fredrik Austbø
Fredrik Berggraf Austbø (fødd 20. april 1988) er ein norsk snøbrett- og skateboardkøyrar frå Tasta i Stavanger. Han deltok under Vinter-OL 2006 i Torino, og vart som syttenåring den yngste norske utøvaren i ei individuell idrettsgrein sidan Sonja Henie. Han var teken ut til å vere med på grunnlag av sterke resultat i verdscupen.
Fredrik Austbø | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. april 1988 (36 år) Stavanger kommune |
Idrett | snøbrettkøyring |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2006 |
Karriere
endreAustbø tok til å stå på snøbrett då han var ti, og viste seg raskt å ha talent både for dette og for skating. Han har sidan markert seg i fleire tevlingar og kåringar, mellom anna er han blitt norgesmeister fleire gonger (både i streetpark og bowl), var «Skater of the year» i Europa i 2004, og kom to gonger på fjerdeplass under verdscupen i Sveits i 2006.
I OL i Torino i 2006 deltok han i halfpipe. Men veka før hadde korsbandet i det høgre kneet hans vorte øydelagt, så han hadde store smerter under konkurransen. Vinteren 2008 rauk også korsbandet i det venstre kneet, og han vart operert i april det året. Det neste store målet for Austbø er OL i Vancouver i 2010.
Fredrik Austbø har gått på Norges Toppidrettgymnas på Geilo. Han har vore profesjonell snøbrettkøyrar sidan 2004 og er sponsa av Libtech, Etnies, 32, Quiksilver og Turf.
Kjelder
endre- «Fredrik Austbø klar for OL Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.» av Håkon Fossmark og NTB i Stavanger Aftenblad (25.01.2006)
- «Austbø på tv-skjermen Arkivert 2005-09-12 ved Wayback Machine.» av Erik Damsgaard på friflyt.no (25.02.2005)
- groms.tv Arkivert 2006-03-03 ved Wayback Machine.
- parkguide.no Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
Litteratur
endre- Knut Olav Åmås [red.]: «Austbø, Fredrik» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)