Sonja Henie
Sonja Henie (fødd 8. april 1912 i Kristiania, død 12. oktober 1969 på ei flyreise mellom Paris og Oslo) var ein norsk-amerikansk framifrå og internasjonalt vidgjeten kunstløpar som vann gullmedaljar i kunstløp i tre vinterolympiadar og tok fyrsteplassar i fleire verdsmeisterskap og europameisterskap, og gjorde karriere som profesjonell isdansarinne. Saman med ektemannen, skipsreiar Niels Onstad, stod ho for skipinga og finansieringa av det viktige norske biletkunstmuseet Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden i Bærum kommune, der premiesamlinga hennar òg er stilt ut.
Sonja Henie | |
| |
Statsborgarskap | Noreg, USA |
Fødd | 8. april 1912 Oslo |
Død | 12. oktober 1969 (57 år) Oslo |
Idrett | Kunstløp |
Tok del i | figure skating at the 1928 Winter Olympics – ladies' singles, figure skating at the 1932 Winter Olympics – ladies' singles, figure skating at the 1936 Winter Olympics – ladies' singles, figure skating at the 1924 Winter Olympics – ladies' singles |
Utmerkingar | ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Bakgrunn
endreSonja Henie vart fødd i Kristiania. Foreldra var Selma Lochmann-Nielsen (1888–1961) og Wilhelm Henie (1872–1937).
Karriere
endreSonja Henie vann gull i dei tre olympiadane 1928, 1932 og 1936, vann ti verdsmeisterskap og seks europameisterskap på rad (1927–1936 og 1931–1936). Ho gjekk for Oslo Skøiteklub som var ein klubb som som på 1930-talet gjorde mykje for å organisere skeiseløp for kvinner. I 1968 vart Sonja Henie kommandør av St. Olavs Orden.[1]
Under olympiaden i 1936 i Garmisch-Partenkirchen, der Adolf Hitler var til stades då Sonja Henie sigra suverent, gjorde ho nazihilsen med høgrearmen utstrekt, i motsetnad til 16 år gamle Laila Schou Nilsen (kjend som både skeiseløpar, alpinist og tennisspelar), som vann bronse i alpint, men nekta å gjere nazihelsing. Sonja Henies haldning til nazismen i 1930- og 40-åra har vore kritisert og diskutert. I 1941 vart ho amerikansk statsborgar, og til liks med andre Hollywood-stjernar gav ho si støtte til dei amerikanske troppane gjennom United Service Organizations. Men ho tok ikkje avstand frå nazismen og den tyske okkupasjonen av Noreg på ein så klår måte som mange nordmenn og norske immigrantar i USA meinte var på sin plass.
Sonja Henie vart profesjonell isdansar i 1937, og var deretter med i ei rad internasjonale isshow og i fleire amerikanske skeisefilmar. Ho vart ei av dei internasjonalt mest kjende norske kvinnene, og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Olympiske medaljar
endreVerdsmeisterskapsmedaljar
endre- 1926 Stockholm - Sølv i kunstløp, single damer
- 1927 Oslo - Gull i kunstløp, single damer
- 1928 London - Gull i kunstløp, single damer
- 1929 Budapest - Gull i kunstløp, single damer
- 1930 New York - Gull i kunstløp, single damer
- 1931 Berlin - Gull i kunstløp, single damer
- 1932 Montreal - Gull i kunstløp, single damer
- 1933 Stockholm - Gull i kunstløp, single damer
- 1934 Oslo - Gull i kunstløp, single damer
- 1935 Wien - Gull i kunstløp, single damer
- 1936 Paris - Gull i kunstløp, single damer
Ettermæle
endreI 2018 vart det laga ein dramafilm om henne kalla Sonja. Filmen tok føre seg livet hennar etter kunstløpkarrieren sin og vegen hennar til å verta Hollywood-skodespelar.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Sonja Henie». Det norske kongehus. Henta 28. januar 2023.
- ↑ «Sonja». Filmweb. Henta 28. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografi, filmografi og bilete; Henie Onstad Kunstsenter
- Sonja Henie i olympedia.org