Fredrik Grønningsæter

norsk prest

Fredrik Grønningsæter (26. mai 192328. april 2016) [1] var biskop i Sør-Hålogaland bispedømme frå 1982 til 1992.

Fredrik Grønningsæter
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. mai 1923
Stranda kommune
Død

28. april 2016 (92 år)
Oslo

Yrke prest
Verv Biskop i Sør-Hålogaland
Periode 1982-1992
Føregangar Bjarne Odd Weider
Etterfylgjar Øystein Ingar Larsen
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Fredrik Grønningsæter var fødd i StrandaSunnmøre) som son av Fredrik og Katharina (fødd Ottesen) Grønningsæter. Han vart cand.theol. ved Det teologiske menighetsfakultet i Oslo i 1951. 21. oktober same året vart han ordinert av biskop Johannes Smemo til teneste i Norges KFUM.

Han har sidan blant anna gjort teneste som hjelpeprest ved Nidarosdomen (frå 1957), sokneprest i Gimsøy i Lofoten (frå 1962) og Oslo domkyrkje (frå 1972).

Grønningsæter var formann i Presteforeningen frå 1972 til 1976. Han vart utnemnd til biskop i Sør-Hålogaland i 1982, og gjekk av som biskop i 1992. I 1983 var han den første mottakeren av Brobyggerprisen, ein pris som vert delt ut av Norske kirkeakademier.

Fredrik Grønningsæter profilerte seg på fleire måtar som ein høgkyrkjeleg biskop. Til dømes var han den fyrste statskyrkjebiskopen i nyare tid som brukte bispestav.

Familie endre

Fredrik Grønningsæter er far til Arne Grønningsæter, leiar i Oslo bispedømmeråd.

Kjelder endre

  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.