MF vitskapleg høgskule


MF vitskapleg høgskule for teologi, religion og samfunn, tidlegare Det teologiske menighetsfakultet, er ein norsk privat, ubunden akkreditert (offentleg godkjend) vitskapleg høgskole. Han held til på Majorstua i Oslo.[1]

MF vitskapleg høgskule for teologi, religion og samfunn


MottoIn Principio Erat Verbum
(I byrjinga var Ordet)
Grunnlagt1907
TypeVitskapeleg høgskule
RektorVidar Leif Haanes
DirektørAgnes Ellinor Skagemo
StadOslo kommune
StudentarCa. 1300
TilsetteCa. 120
MedlemskapUHR; NUS ;NPH; Global Network of Research Centers for Theology, Religious and Christian Studies
Org.nummer917387079
Nettstadhttps://mf.no/ (norsk), https://mf.no/en (engelsk)
Kart
MF vitskapeleg høgskule
59°55′58″N 10°42′49″E / 59.932775°N 10.71351944°E / 59.932775; 10.71351944

Hovudmålet til høgskulen er å utdanne prestar, kateketar, diakonar og kristendomslærarar på universitetsnivå, til teneste i kyrkje, samfunn og skole.

Historie

endre

Det teologiske Menighetsfakultetet blei grunnlagt i 1907 av ei gruppe norske akademikarar, politikarar, prestar og lekfolk som ønskte å etablere ei teologisk utdanning på grunnlaget av Den heilage skrifta og den lutherske trusvedkjenninga.

Bakgrunnen for opprettinga av fakultetet var Kyrkjedepartementets utnemning av Johannes Ording til ein lærestol ved Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo. Lærestolen i systematisk teologi var ledig etter at professor Fredrik Petersen døydde i 1903, og i 1906 blei den liberale teologen Ording utnemnd til professor i teologi etter ei langvarig strid som heldt på å føre til ei krise i den norske regjeringa. Utnemninga hadde ikkje stønad hos majoriteten i lærarstaben ved Det teologiske fakultetet, og professor Sigurd Odland og kyrkjestatsråd Christian Knudsen valde å gå av etter at Ording blei utnemnd.

Ei rekkje menneske i krinsen kring Odland gjekk no saman om å skipe ein ubunden institusjon som skulle utdanne prestar til teneste i Den norske kyrkja. 16. oktober 1907 blei grunnleggingsdokumentet underteikna, og hausten 1908 kunne fakultetet opna dørene med berre 8 studentar (eit tal som auka til 14 før slutten av semesteret). Dei første lærarane var Sigurd Odland (Det nye testamente), Edvard Sverdrup (Kyrkjehistorie), Peter Hognestad (Det gamle testamente), Ole Hallesby (Systematisk teologi). Frå 1919 fekk den akademiske lærarstaben også rett til å kalle seg professorar.

Institusjonen fekk eksamensrett for cand.theol-graden i 1913, i praktisk teologi frå 1925 og cand.philol. i 1977. I 1990 fekk fakultetet jamvel rett til å dele ut forskningsgraden dr. theol. og frå 2001 graden dr. art. I 2005 blei fakultetet akkreditert institusjonelt av NOKUT.

I dei seinare åra har fakultetet teke steg mot ei større økumenisk breidde, og byr no på utdanning i samarbeid med Metodistkyrkja, Frelsesarmeen, Pinserørsla og Den katolske kyrkja.

Studium

endre

Menighetsfakultetet tildeler gradane bachelor, master, candidatus/a theologiae og candidatus/a philologiae (sistnemnte fram til 2007). Fakultetet tildeler òg forskningsgraden ph.d. innanfor fagområda teologi og kristendomskunnskap.

Menighetsfakultetet er i dag den største teologiske utdanningsinstitusjonen i landet med om lag 120 tilsette, om lag 1000 studentar (2024) og om lag 50 på ph.d.-programmet. MF blir leia av eit styre valt av forstandarskapet ved skolen.

Kjelder

endre
  1. «Om MF | MF», mf.no (på norsk bokmål), henta 9. desember 2024 

Bakgrunnsstoff

endre