Fredrik Johannessen

Fredrik Peder Johannessen (fødd 14. september 1873 i Porsgrunn, død 9. oktober 1951) var ein skipsingeniør og konservator, særleg kjend for sitt restaureringsarbeid med Osebergskipet og Gokstadskipet.

Fredrik Johannessen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1873
Porsgrunn
Død

9. oktober 1951 (78 år)
Oslo

Yrke arkeolog

Liv og gjerning endre

Johannessen var utdanna ingeniør frå Chalmers tekniska högskola i Gøteborg. Sidan arbeidde han ved Porsgrunn Baad og Skisbyggeri og ved Marinens Hovedverft i Horten.

I 1904 fekk han hovudansvaret for konservering og oppbygging av Osebergskipet. Dette var i samarbeid med professor Gabriel Gustafson, som leia utgravinga av Osebergfunnet. Frå 1923 arbeidde han iherdig for at Osebergskipet skulle flyttast til Bygdøy. I 1926 leia han arbeidet med flyttinga. Han leia òg flytting og restaurering av Gokstadskipet. Han var òg med på å take vare på fleire oldfunn, mellom anna Kvalsundskipet.

I 1943 fekk han konservatorstilling. Den hadde han til i 1948. Dei siste leveåra var han prega av lang tids arbeid med løysemiddel som vart brukt under konservering. Fredrik Johannessen mottok Kongens fortenestmedalje i gull i 1933. Han vart òg utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Han døydde i Oslo i 1951.

Kjelder endre

  • Morten Kielland:Skjult mann bak skjulte skip i Kysten nr 4 2001