Gokstadskipet

Gokstadskipet er det største bevarte vikingskipet i Noreg. Skipet, som blei funne i «Kongshaugen» på garden Gokstad i Sandefjord i Vestfold og Telemark, står i dag i VikingskipsmuseetBygdøy i Oslo. Skipet blei utgrave i 1880 under leiing av antikvar Nicolay Nicolaysen.

Frå utgravinga av Gokstadskipet

FaktaEndra

Skipet blei bygd om lag år 850900. Det er eit mykje meir sjødyktig fartøy enn Osebergskipet

Inni Gokstadskipet låg skjelettet til ein mann på 50–70 år som var 1,85 m høg. Eit påfuglskjelett blei òg funne i skipet.

Mål

  • 23,8 meter langt
  • 5,2 meter breitt
  • 16 årepar
  • 110 m2 segl
  • Marsjfart: Over 12 knop

TeoriarEndra

Skipet blei nytta i gravferda til ein stormann som døydde omkring 900 e.Kr. Denne personen kan ha vore Olav Geirstad-Alv, ein småkonge i Vestfold på denne tida. Han var av ynglingeætt og i følgje Heimskringla døydde han på denne tida.

Gravhaugen blei truleg plyndra rett etter hauglegginga.

KopiarEndra

«Viking» blei sigla over Atlanterhavet til verdsutstillinga i Chicago i 1893 av Magnus Andersen.

I 1990 blei «Gaia» sjøsett. Han er bygd på Bjørkedalen i Volda. Denne kopien har blitt sigla over Atlanterhavet til USA av Ragnar Thorseth.

I 1992 blei «Lofotr» sjøsett. Han er bygd til «Lofotr - Vikingmuseet på Borg» i Lofoten, som stod ferdig i 1995. I 1994 sokk «Lofotr» utanfor Hillesøy i Troms, men blei berga etter å ha stått nesten uskadd på 34 meters djup i 13 dagar. I dag er skipet ein viktig del av museet.

BakgrunnsstoffEndra