Fredrik Kayser

norsk militær

Fredrik Thorbjørn Kayser (fødd 25. mai 1918 i Bergen, død 2. februar 2009) var ein norsk offiser i Kompani Linge under andre verdskrigen.

Fredrik Kayser
Fødd 25. mai 1918
Bergen
Død

2. februar 2009 (90 år)
Bergen

Yrke politikar, forretningsdrivande, offiser

Kayser tenestegjorde som friviljug på finsk side i Vinterkrigen 1939-1940. Seinare var han sentral i kampane i Noreg, og reiste til Storbritannia etter Tysklands okkupasjon av Noreg. Der gjekk han inn i Kompani Linge og deltok i Måløy-raidet.

Kayser var ein av seks personar frå Kompani Linge som sprengte tungtvatnsfabrikkenRjukan i 1943. Mot slutten av krigen var han nestkommanderande i motstandsgruppa Bjørn West, som var involvert i kampar mot tyskarane i Matre-fjella i Hordaland.

Etter krigen vart Kayser dekorert med St. Olavsmedaljen med eikegrein to gongar og Æreslegionen.

I 1948 spelte han seg sjølv i filmen «Kampen om tungtvannet».

KjelderEndra