Fredrik Konow

norsk bankier og politikar
(Omdirigert frå Fredrik Ludvig Konow)

Fredrik Ludvig Konow (23. juni 186414. august 1954) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar og politikar for Frisinna Venstre.

Fredrik Konow

Fødd23. juni 1864
Bergen
Død14. august 1954 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFrisindede Venstre
Yrkepolitikar, bankier
Alle verv

Konow var fødd i Bergen, der far hans var kjøpmann med stor verksemd. Sjølv fekk han merkantil utdanning gjennom tre års opphald i England, Tyskland og Frankrike. I 1885 overtok han forretningane etter faren, i første rekke som skipsreiar og fiskeeksportør. Han var også ein sentral aktør i Bergens nærings- og organisasjonsliv. Mellom anna var han styreformann for Bergens mekaniske verksted og for 'Norges oplysningskontor for næringsveiene', samt i årevis styremedlem i 'United Sardines Factories'. Han var og leiande bak skipinga av Bergens Kringkastingselskab i 1925, og var i 1933-34 medlem av det fyrste styret i Norsk Rikskringkasting. Elles var han styremedlem i Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme. Han var belgisk konsul 1886-1912.

Konow var medlem av Bergen bystyre åra 1898-1901. Han hadde plass på Stortinget i periodane 1910-12 og 1919-21, begge gonger innvald frå Nordnes krins i Bergen og som representant for Frisinna Venstre. I den fyrste stortingsperioden var han sekretær i næringskomite nr 1. Medan han i den siste perioden var medlem av finans- og tollkomiteen, samt 1919 og 1921 i utanrikskomiteen.

Konow var finansminister både i Bratlie-regjeringa 1912-13, samt åra 1924-26 i Lykke-regjeringa. Som finansminister i Lykke-regjeringa arbeidde han med å hindre at den norske krona steig for raskt i verdi. Denne såkalla paripolitikken hadde brei støtte i Stortinget, men lukkast lite då den ikkje hadde den verknaden norske styresmakter såg føre seg.

Konow vart tildelt den belgiske Leopoldsordenen og Borgardådsmedaljen, kommandørkorset av St. Olavs Orden, samt storkors av den portugisiske Kristusordenen.

Kjelder endre