Opna hovudmenyen

Jens Kristian Meinich Bratlie (17. januar 185615. september 1939), kjend som Jens Bratlie, var ein norsk jurist, offiser og politikar i partiet Høgre som var statsminister i Noreg frå 1912 til 1913.

Jens Bratlie
Jens Bratlie.jpg
FøddJens Kristian Meinich Bratlie
17. januar 1856
Nordre Land
Død15. september 1939
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
VervNorsk statsminister 1912-1913
FøregangarWollert Konow (SB)
EtterfylgjarGunnar Knudsen

Bratlie kom frå Nedre Skiaker i Nordre Land i Oppland. Han eigde Utøya i Hole som feriestad frå 1893 til 1933 då han selde øya til LO.[1]

Jens Bratlie var statsminister i Noreg frå 20. februar 1912 til 31. januar 1913. Samstundes var han forsvarsminister og revisjonsminister.

KjelderEndra

  1. Bergens tidende magasinet 21.juli 2012 s.13.

BakgrunnsstoffEndra