Opna hovudmenyen
Fredrikstad Domkyrkje, bispesete, domprostsete og fyrtårn.

Fredrikstad Domprosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Fredrikstad og Hvaler. Sidan prostiet er knytt til Fredrikstad domkyrkje, er det leia av ein domprost.

Før Borg bispedøme vart oppretta heitte prostiet Nedre Borgesyssel prosti.[1]

SoknEndra

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Det er 11 sokn i prostiet (2014), eitt i Hvaler, ti i Fredrikstad.

Sokn Kyrkje(r)
Borge sokn i Borg Borge kyrkje, Kjølstad kyrkje
Fredrikstad Domkyrkje sokn Fredrikstad Domkyrkje
Gamle Glemmen sokn Gamle Glemmen kyrkje
Glemmen sokn Glemmen kyrkje
Gressvik sokn Gressvik kyrkje
Hvaler sokn Hvaler kyrkje, Spjærøy kyrkje
Kråkerøy sokn Kråkerøy kyrkje
Onsøy sokn Onsøy kyrkje
Rolvsøy sokn Rolvsøy kyrkje
Torsnes sokn Torsnes kyrkje
Østre Fredrikstad sokn Østre Fredrikstad kyrkje

PrestegjeldEndra

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra