Intersoneturneringane i sjakk
Intersoneturneringane var sjakkturneringar som Verdssjakkforbundet FIDE arrangerte kvart tredje år frå 1948 til 1993.
Intersoneturneringane var ein del av kvalifiseringa fram til verdsmeisterskapen i sjakk. Ein VM-syklus var over 3 år. Det første året heldt kvart medlemsland i FIDE nasjonale kvalifiseringar til soneturneringane. Verda var delt inn i soner, som bestod av fleire land. Dei to store sjakknasjonane Sovjetunionen og USA var eigne soner, og arrangerte eigne soneturneringar. Opphavleg var til dømes heile Sør- og Mellom-Amerika ei sone, medan det ikkje var nokon sone for Afrika eller Asia, då det ikkje var medlemsland i FIDE frå desse kontinenta.
Dei beste spelarane frå soneturneringane kvalifiserte seg til intersoneturneringa. Til å begynne med hadde intersoneturneringane frå 20 til 24 deltakarar, som spelte alle mot alle. Dei beste i intersoneturneringa, i ein del år dei 6 beste, kvalifiserte seg for kandidatturneringa året etterpå. Der møtte dei vanlegvis nr 2 i den førre kandidatturneringa og taparen frå førre VM, til ei turnering alle mot alle eller til ei utslagsturnering med tvikampar. Vinnaren av kandidatturneringa møtte verdsmeisteren til VM-kamp året etterpå. Same året begynte syklusen på nytt med nasjonale turneringar og soneturneringar.
Intersoneturneringar vart haldne kvart tredje år frå 1948 til 1993. Men frå 1972 var det blitt mange fleire gode spelarar rundt om i verda, og nye sjakknasjonar kravde å få vere med. Her vart fleire soner og fleire soneturneringar som kvalifiserte for intersoneturneinga. Turneringa var dermed blitt for stor og dyr å arrangere, og det var også upraktisk at alle spelte mot alle i så store turneringar. Så frå 1973 vart det arrangert 2 intersoneturneringar, der dei tre fremste i kvar kvalifiserte seg til kandidatturneringa. Frå 1982 vart det arrangert tre intersoneturneringar, der dei to fremste i kvar kvalifiserte seg til kandidatturneringa. Den vidare auken i deltakinga medførte at intersoneturneringa i 1990 og 1993 vart arrangert som ei turnering igjen, men då etter sveitsarsystem.
Den siste FIDE intesoneturneringa var i Biel i 1993, vunne av Boris Gelfand. Den kortliva organisasjonen PCA Professional Chess Association heldt også ei intersoneturnering i 1993, men då utan den kvalifiseringa som FIDE hadde i sitt system.
Oversikt over intersoneturneringane
endreSaltsjöbaden 1948
20 spelarar, enkel alle mot alle, 8 gjekk vidare
| Bronstein, Szabo, Boleslavsky, Kotov, Lilienthal, Najdorf, Ståhlberg, Flohr,
Stockholm 1952
21 spelarar, enkel alle mot alle, 8 gjekk vidare
| Kotov, Taimanov, Petrosjan, Geller, Averbakh, Ståhlberg, Szabo, Gligoric
Göteborg 1955
21 spelarar, enkel alle mot alle, 9 gjekk vidare
| Bronstein, Keres, Panno, Petrosjan, Geller, Szabo, Filip, Pilnik, Spasskij
Portorož 1958
21 spelarar, enkel alle mot alle, 6 gjekk vidare
| Tal, Gligorić, Petrosjan, Benko, Olafsson, Fischer
Stockholm 1962
23 spelarar, enkel alle mot alle, 6 gjekk vidare
| Fischer, Geller, Petrosjan, Korchnoi, Filip, Benko
Amsterdam 1964
24 spelarar, enkel alle mot alle, 6 gjekk vidare
| Smyslov, Larsen, Spasskij, Tal, Ivkov, Portisch
Sousse 1967
23 spelarar, enkel alle mot alle, 6 gjekk vidare
| Larsen, Korchnoi, Geller, Gligorić, Portisch, Reshevsky
Palma de Mallorca 1970
24 spelarar, enkel alle mot alle, 6 gjekk vidare
| Fischer, Larsen, Geller, Hübner, Taimanov, Uhlmann
Leningrad 1973
Petropolis 1973
To turneringar med 18 spelarar, enkel alle mot alle; 3 gjekk vidare frå kvar
| Korchnoi, Karpov, Byrne; Mecking, Portisch, Polugaevsky
Biel 1976
Manila 1976
To turneringar med 20 spelarar, enkel alle mot alle; 3 gjekk vidare frå kvar
| Larsen, Petrosjan, Portisch; Mecking, Polugaevsky, Hort
Riga 1979
Rio de Janeiro 1979
To turneringar med 18 spelarar, enkel alle mot alle; 3 gjekk vidare frå kvar
| Tal, Polugaevsky, Adorján; Portisch, Petrosjan, Hübner
Las Palmas 1982
Moscow 1982
Toluca 1982
Tre turneringar med 14 spelarar, enkel alle mot alle; 2 gjekk vidare frå kvar
| Ribli, Smyslov; Kasparov, Beliavsky; Portisch, Torre
Biel 1985
Taxco 1985
Tunis 1985
Tre turneringar med 16–18 spelarar, enkel alle mot alle; 4 gjekk vidare frå kvar
| Vaganian, Seirawan, Sokolov, Short; Timman, Nogueiras, Tal, Spraggett; Yusupov, Beliavsky, Portisch, Chernin
Subotica 1988
Szirák 1988
Zagreb 1988
Tre turneringar med 17–18 spelarar, enkel alle mot alle; 3 gjekk vidare frå kvar
| Sax, Short, Speelman; Salov, Hjartarson, Portisch; Korchnoi, Seirawan, Ehlvest
Manila 1990
64 spelarar, sveitsarsystem, 11 gjekk vidare
| Gelfand, Ivanchuk, Anand, Sax, Short, Korchnoi, Hübner, Nikolić, Yudasin, Dolmatov, Dreev
FIDE
Biel 1993
73 spelarar, sveitsarsystem, 10 gjekk vidare
| Gelfand, Van der Sterren, Kamsky, Khalifman, Adams, Yudasin, Salov, Lautier, Kramnik, Anand
PCA
Groningen
54 spelarar, sveitsarsystem, 7 gjekk vidare
| Adams, Anand, Kamsky, Kramnik, Tiviakov, Gulko, Romanishin