Friends av Elton John

Friends
Filmmusikkalbum av Elton John
Språk engelsk
Utgjeve 5. mars 1971
Innspelt September 1970
Studio Trident Studios i London
Sjanger Filmmusikk, softrock
Selskap Paramount
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi 
Tumbleweed Connection
(1970)
Friends 17-11-70
(1971)
Singlar frå Friends
  1. «Friends»
    Utgjeve: 10. mars 1971

Friends er det fjerde albumet til Elton John og Bernie Taupin, spelt inn før det store gjennombrotet deira i USA. Det vart spelt inn som musikken for filmen Friends og kom ut 6. april 1971 i USA. Tittelsporet vart ein liten hit i USA og nådde 34. plass, trass i at filmen gjorde det dårleg. Albumet vart nominert til Grammyprisen i 1972 for beste originale filmmusikk.[1]

Utanom den originale vinylutgåva frå 1971, har albumet aldri kome ut på ein eigen CD, men Friends-musikken finst på den doble CD-plata Rare Masters (1992) som spor 10–19 på eine plata, men med songane i ei anna rekkefølgje enn den originale LP-utgåva. Skilnaden er at «Michelle's Song» har byta plass med «Honey Roll» og «Variations on Friends».

Tidleg i 1970-åra framførte Elton John songane «Friends» og «Can I Put You On» på konsertane sine. Sistnemnde finst mellom anna på konsertalbumet 17-11-70 (kalla 11-17-70 i Nord-Amerika).

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Friends»2:20
2.«Honey Roll»3:00
3.«Variasjonar on 'Friends'»1:45
4.«Theme (The First Kiss)/Seasons»3:52
5.«Variasjonar on Michelle's Song (A Day in the Country)»2:44
6.«Can I Put You On»5:52
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Michelle's Song» 4:16
8.«I Meant to Do My Work Today (After All a Day in the Country)» 1:33
9.«Four Moods»Paul Buckmaster10:56
10.«Seasons Reprise» 1:33

Medverkande

endre

Kjelder

endre