Erich Arthur Fritz Schwab (31. desember 191924. november 2006) var ein sveitsisk friidrettsutøver som i 1950 vart europameister i 10 kilometer kappgang. Elles vann han sølv i same øvinga under EM 1946 og Sommar-OL 1952, samt OL-bronse i 1948. Far hans, Arthur Schwab, tok sølvmedaljen i 50 km kappgang under Sommar-OL 1936 i Berlin, byen der Fritz Schwab vart fødd.

Fritz Schwab
Statsborgarskap Sveits
Fødd 31. desember 1919
Berlin
Død 24. november 2006 (86 år)
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Aktiv

endre

Fritz Schwab vart andremann på 10 km då europameisterskapen 1946 fann stad på Bislett Stadion i Oslo, langt bak vinnaren frå Sverige, John Mikaelsson. To år etter fekk Schwab den olympiske bronsemedaljen i same øvinga under Sommar-OL 1948 i London, svenskane John Mikaelsson og Ingemar Johansson kom i mål framom han. Ved EM i friidrett 1950 i Brussel gjekk Schwab inn til gullmedalje på 10-kilometeren, 15 sekundar føre Emile Maggi frå Frankrike og med Mikaelsson på tredjeplass. I sitt siste Sommar-OL i Helsinki sommaren 1952 kneip Schwab sølvmedaljen på 10 km, han og bronsevinnar Bruno Junk frå Sovjetunionen fekk same tid, atter ein gong gjekk gullmedaljen til John Mikaelsson.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre