Frobisher Bay er ei relativt stor bukt i Davissundet[1] i Qikiqtaaluk-regionen i Nunavut i Canada. Ho ligg i det søraustlege hjørnet av Baffinøya. Sundet er om lag 230 km langt, og breidda varierer mellom 40 km og om lag 20 km i den indre enden til bukta.[2]

Frobisher Bay
bukt
Land  Canada
Del av Polhavet
Kart
Frobisher Bay
62°49′0″ N 66°34′0″ W
Frobisher Bay og omland
Frobisher Bay og omland
Frobisher Bay og omland
Wikimedia Commons: Frobisher Bay

Hovudstaden i Nunavut, Iqaluit (kjend som Frobisher Bay inntil 1987), ligg inst i bukta.[3]

Geografi endre

Heile kystlinja i Frobisher Bay er kjenneteikna av ei rekkje smale viker som det renn mange små bekkar ut i. Det finst høge klipper på begge sidene som kan vera opp til 330 meter høge på den nordaustlege sida, og dobbelt så høge i sørvest som eit resultat av dreiinga av jorda tidleg i tertiær-tida.[2]

Innanfor Frobisher Bay ligg det fleire bukter, vikar og sund. Blant desse er:

  • Wayne Bay
  • Ward Inlet
  • Newell Sound
  • Leach Bay
  • Kneeland Bay
  • Hamlen Bay
  • Newton Fiord
  • Royer Cove
  • Waddell Bay

Det ligg også fleire øyar i bukta. Desse omfattar Hill Island, Faris Island nær Iqaluit, Pugh, Pike, Fletcher og Bruce Island ved munningen av Wayne Bay. Vidare Augustus Island og Chase, McLean, Gabriel og Nouyarn.

Historie endre

 
The Hondius Map, som viser Frobisher «sundet» som delar av den sørlege delen av Grønland.

Frobisher Bay har namn etter den engelske sjøfararen sir Martin Frobisher.[2] Han var den fyrste europearen som såg staden medan han leita etter Nordvestpassasjen i 1576.[4] Fram til Hall si reise i 1861 trudde europearane at bukta var eit sund som skilde Baffinøya frå ei anna øy.[5]

Kjelder endre

  1. «Limits of oceans and seas» (PDF) (3. utg.). International Hydrographic Organization. 1953. s. 10. Henta 15. februar 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Frobisher Bay». The Canadian Encyclopedia. Henta 2. desember 2023. 
  3. «Iqaluit», www.thecanadianencyclopedia.ca (på engelsk), henta 2. desember 2023 
  4. «Sir Martin Frobisher | The Canadian Encyclopedia», www.thecanadianencyclopedia.ca, henta 2. desember 2023 
  5. «Frobisher Bay». Henta 17. mai 2015.