Iqaluit (inuktitut ᐃᖃᓗᐃᑦ, før 1987 kjend som Frobisher Bay) er hovudstaden og den største byen i territoriet Nunavut i Canada. Byen ligg på sørkysten av Baffinøya, ved Frobisher Bay. I 2016 hadde han 7 082 innbyggjarar.[1] Byen vart fyrst busett i 1942, då han vart etablert som ein amerikansk flybase. Han har vore territoriehovudstad sidan Nunavut vart oppretta i 1999.[2]

Iqaluit
ᐃᖃᓗᐃᑦ
by
Land  Canada
Provins Nunavut
Høgd 30 m
Areal 52,5 km²
Folketal 7 429 (2021)
Folketettleik 740 / km²
Tidssone EST (UTC−5)
Postnummer X0A 0H0, X0A 1H0
Retningsnummer 867
Kart
Iqaluit
63°44′58″N 68°31′18″W / 63.749444444444°N 68.521666666667°W / 63.749444444444; -68.521666666667
Wikimedia Commons: Iqaluit
Nettstad: www.iqaluit.ca

Historie endre

 
Iqaluit i 2011.

Området i og rundt Iqaluit har i fleire tusen år vorte brukt som ein fiskestad av inuittane i området, og namnet Iqaluit betyr 'Staden med mykje fisk'.[3]

Andre verdskrigen førte til ein stor auke av canadisk og amerikansk verksemd i området. I 1942 bygde amerikanarane ein flybase i området, som førte til at dei fyrste permanente innbyggjarane slo seg ned. Staden fekk også namnet «Frobisher Bay» av dei amerikanske og canadiske myndigheitene.

Etter 2. verdskrigen steig innbyggjartalet raskt som følgje av tydinga området hadde i NORAD-prosjektet under den kalde krigen. I 1957 hadde Iqaluit 1 200 innbyggjarar, og i 1959 hadde staden eit eige legekontor, skule og sosiale tenester. Innbyggjartalet heldt fram med å vekse utover 1960-talet, dette var for det meste på grunn av inuittar som vart oppfordra til å busetje seg permanent av dei canadiske styresmakter.

1. januar 1987 bytta byen namn frå Frobisher Bay til Iqaluit, og i 1995 vart han vald som hovudstad for det nye territoriet Nunavut. Iqaluit fekk bystatus den 19. april 2001.

Klima endre

Iqaluit har tundraklima, sjølv om byen ligg eit stykke sør for polarsirkelen. Byen har lange, kalde vintrar og korte somrar som fører til at det ikkje veks tre i Iqaluit. Sjølv om Iqaluit ligg omtrent på same breiddegrad som Trondheim, har han ein gjennomsnittstemperatur som er 16°C kaldare. Den store temperaturskilnaden kjem som følgje av at Trondheim vert varma opp av Golfstraumen mens Iqaluit vert nedkjølt av Baffinstraumen.

Infrastruktur endre

Transport endre

Iqaluit er den minst folkesette regionhovudstaden i Canada, og den einaste som ikkje har vegsamband til ein annan busetnad. Sidan Iqaluit ligg på ei øy langt frå det canadiske vegsystemet, må alt fraktast inn i byen med anten fly eller båt. På grunn av det kalde klimaet er ikkje byen tilgjengeleg med båt i vintermånadane. Iqaluit har ikkje djupvasshamn og dimed er det ikkje mogleg for større båtar å leggje til kai.[4]

Vatn og avløp endre

På grunn av folkeveksten og mangel på midlar, slit Iqaluit med å halde vatn- og avløpssystemet i god stand.[5] Sjølv om byen har eit reinseanlegg, vert framleis ein stor del av kloakken frå han send urensa ut i Frobisher Bay.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre