Frontline Ltd. er verdas største reiarlag for oljetankarar. Det er basert på Bermuda. Aksjane til selskapet vert omsett på Oslo Børs og New York Stock Exchange (NYSE). Hovudaksjonær i Frontline er norsk-kypriotiske John Fredriksen, som har bygd opp selskapet gjennom oppkjøp av andre selskap og nybygging.

Frontline

BransjeShipping
Skipa1985
HovudkontorLimassol, Hamilton
LandKypros, Bermuda
Nettstadhttps://www.frontlineplc.cy (engelsk)

Frontline hadde i 2008 ei flåte beståande av 82 tankskip,[1] av desse 66 oljetankarar på 16,4 millionar dødvektstonn.

Den 18. april 2009 vart tanskipet MV «Front Ardenne» forsøkt kapra av somaliske piratar.[2] Skipet var på veg frå Libya til Kina, då ein oppdaga piratane.

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre