Frustration Dome
Frustration Dome er ein stor isdekt kuppel med store bresprekkar, som ligg kring 38 nautiske mil søraust for Mount Henderson i Mac. Robertson Land i Antarktis. Det låg ein tellurometerstasjon på kuppelen, oppretta under ei kryssing av kuppelen av Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) frå Mawson-stasjonen til Kjerka i 1967, og fekk dette namnet av ANARE fordi gruppa måtte vente her då kjøretøyet deira måtte reparerast. Dermed vart ikkje landmålinga ferdig før våren etter.[1]
Frustration Dome | |||
iskalott | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Mac. Robertson Land | ||
- koordinatar | 68°0′S 64°33′E / 68.000°S 64.550°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Frustration Dome 68°00′S 64°33′E / 68°S 64.55°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Frustration Dome». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Frustration Dome» (innhald frå Geographic Names Information System).