Fuglemat eller fuglefrø er mat gjeven til ville og tamme fuglar. Han kan innehalda ulike frø, nøtter, tørka frukt eller insekt, eller kraftfôr. Det meste av slik mat blir gjeven til fjørfe i jordbruket, som høns, ender og kalkun, men fuglemat blir òg gjeven til kjæledyr, fuglar i fangenskap eller gjeven til villfugl gjennom ulike former for fuglemating.

Tillaging av fuglemat på Nihoa i Hawaii.
Fuglemat dandert på eit fat ved grava til Shah Rukn-e-Alam i Multan i Pakistan.

Fuglematblandingar kan ha ulike typar mat tilpassa ulike fuglar. Ulike fuglar kan til dømes vera kjøtetarar, planteetarar, insektetarar, nektaretarar og anna. Dei kan også føretrekke frø av ulik storleik, med eller utan skal.

Solsikkefrø tiltrekk seg ei stor mengd ulike fuglar, og er derfor vanlege å ha i fuglefrøblandingar. Fuglar kan plukka gjennom frøa for å finna typen dei vil ha, noko som kan føra til at ei stor mengd fell på bakken.[1] Dette kan føra til sopp- og bakterivekst, eller at andre dyr kjem til for å eta frøa.

Typar endre

Naturlege typar endre

 
Stjertmeis et ister frå ein fuglematar

Frø endre

Svarte solsikkefrø er utbreidde som fuglemat ettersom dei tiltrekk seg ei mengd ulike fuglar, har eim stor del frøinnhald i høve til skalet, og har høgt feittinnhald, noko som særleg er viktig for fuglar om vinteren.[2][3] Andre vanlege fuglefrø er ramtillablom (Guizotia abyssinica), hirse og safrantistel.[2][3]

Anna endre

Ister og talg kan gjevast til insektetande fuglar.[2] Kunstig nektar – ganske enkelt sukkervatn – kan tiltrekka kolibriar.[2] Brød og diverse kjøkkenavfall kan gjevast til ender og måkar, men dette kan nokre gonger føra til feilernæring for fuglane. Høns får gjerne mais, kveite, bygg, hirse og biprodukt frå kverning. Tamme papegøyar kan få frisk frukt, grønsaker og nøtter, i tillegg til frø.

 
Kjøttmeis på ein talgball.

Ein talgball er ei feittrik form for fuglemat meint som støtteforing for ville fuglar, særleg småfuglar, om vinteren. Ballen er vanlegvis litt mindre enn ein tennisball, men finst òg i større storleikar. Talgballar ein kjøpar i butikk er oftast runde og omgjevne av nett for enklare opphenging. Talgballen består av fuglefrø blanda med ei form av hardt feitt, til dømes talg eller kokosfeitt.

Kraftfôr endre

Hushald endre

Kommersiell fuglemat for tamme og ville fuglar er utbreidde produkt, både som frøblandingar og med pellets.[3][4]

Gardsbruk endre

 
Mann i Ghana førebur fuglemat til fjørfe.

Kommersielt fôr for fjørfe er ei vitskapleg utforma blanding som kan vera tilpassa kyllingar, eggleggjarar og så bortetter. Dei kan ha ulik konsistens, som pulver, smular eller pellets[5]

Kjelder endre

  1. «Feeding Birds: A Quick Guide to Seed Types». 20. april 2009. Arkivert frå originalen 26 February 2021. Henta 15 March 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «What to Feed Birds». Arkivert frå originalen 10 August 2006. Henta 23 August 2006. «Seeds and Grains for Birds». Arkivert frå originalen 27 September 2013. Henta 23 August 2006. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Porter, Diane. «Winter Bird Feeder: Keep Them Coming Back». Arkivert frå originalen 3 September 2017. Henta 23 August 2006. 
  4. «Choosing Bird Food». Cornell Lab of Ornithology. Arkivert frå originalen 5 February 2017. Henta 23 August 2006. 
  5. Jacob, Dr. Jacquie. «Feeding Chickens for Egg Production». Extension.org. Extension. Arkivert frå originalen 16 January 2019. Henta 15 January 2019. 

Bakgrunnsstoff endre