Fuglemating
Fuglemating er det å mata ville fuglar med særskild tilpassa fuglemat av frø, dyreprodukt, sukkerløysing eller matrestar.[1] Det finst fleire grunnar til at ein vil mata fuglar. Folk kan gjera det som fritidssyssel eller underhaldning, av tradisjon, som ein målretta innsats for å hjelpa ein truga art eller for å oppdretta jaktbare artar i naturen. Fuglemating er ein av dei vanlegaste måtane for menneske å ha forhold til ville dyr på i Vesten.[1]
Historie
endreEin finn omtale av fuglemating i hindutekstar som skildrar bhutayajna, ei offerform der ein gjev mat til levande vesen som fuglar. Dette er ein tradisjon som framleis blir halden i hevd.[2] Den britiske naturforskaren James Fisher nemner den heilage munken Serf frå Fife, som levde på 500-talet, som den fyrste personen som er dokumentert til å ha mata fuglar. Han skal ha temd ei due ved å mata henne.
I Norden har det vore tradisjon i fleire hundreår å setja opp fuglenek med korn på til jul. Julenek eller kornband av havre kan sporast tilbake til 1700-talet, men er truleg vesentleg eldre. Før i tida var bøndene redde for småfuglane, som kunne laga stor skade på frøa. Dei trudde at om fuglane fekk ein eigen bit av dei fine, dyre frøa til jul, ville dei vera mindre glupske resten av året.
Vinteren 1890–1891 var svært hard i Storbritannia, og nasjonale aviser oppfordra folk til å leggja ut mat for fuglane. I 1910 erklærte Punch at fuglemating var blitt ein nasjonal fritidssyssel.[3] I dag er det vanleg å mata fuglar heile året i Storbritannia.[4] Fuglemating er òg den nest vanlegaste hobbyen i USA, etter hagearbeid.[5] Februar blei utnemnd til «National Bird-Feeding Month» av Kongressen i 1994.[6]
Metodar
endreEin fôrar særleg ville fuglar vinterstid, då tilgang på næring er mindre og fuglar treng energi for å overleva. Maten består då ofte av ulike matblandingar. Dette kan vera fuglefrø, til dømes frø frå solsikke, hirse og hamp, eller ulike animalske produkt som ein talgball. I område der det finst kolibriar og andre nektarsugande fuglar, kan ein bruka spesielle matarar for sukkerløysing.
Det finst ei mengd ulike typar av fuglematarar for foring av ville fuglar. Visse matarar som er tilpassa frø, er utforma som avlange røyr med hòl og sitjepinnar. Andre er utforma som plattformer, eller som små hus, og blir då ofte kalla for fuglebrett. Utforminga av fuglemataren skal i størst mogleg grad bidra til at ein kan unngår ureining frå avføringa til fuglane eller frå matrestar. Det er òg viktig at halda rovdyr av ulike slag unna. Vanlegvis kan ein henga mataren i ei line, eller setja han på ein stolpe, for å gjerda det vanskeleg for andre dyr å koma til maten og fuglane. Ein talgball er ein feittball som dannar sin eigen matar ein kan henga opp for småfuglar.
Ein set gjerne opp fuglebrett med tanke på småfuglar, men dei blir ofte òg vita av ekorn og kråker. Ved mating av ville rovfuglar kan ein nytta åte, men dette må ein typisk ha løyve til.
Til skilnad frå ein fuglekasse er ein husliknande fuglematar berre meint for matauke. Fuglematarar kan bera potensielle risikoar for fuglane som et der, til dømes sjukdom,[7] feilernæring[8] og predasjon frå husdyr.[9] Forskarar anbefaler at ein desinfiserer fuglematarar kvar gong ein tømmer dei.[7] Ein bør ikkje gje fuglar mat som inneheld mugg, salt eller safran.[10]
Verknad
endreEin studie utført i Sheffield i England, fann at talet på hagefuglar auka med nivået av fôring. Denne effekten var berre tydeleg hjå dei artane som regelmessig tok til seg tilskuddsfôr, noko som aukar moglegheita for at fuglefôring hadde ein direkte effekt på talet deira. Derimot hadde tettleiken av fôringsstasjonar ingen effekt på kor mange forskjellige fuglearter som var tilstades i eit nabolag.[11]
Fuglemating kan òg ha negative effektar. Mykje mating kan føra til for mange fulglar på ein stad, som kan ha negative effektar på nærområdet. Matrestar kan òg føra til ureining.[12] I nokre byar er det innført forbod mot å mata fuglar på grunn av dette.[13]
Galleri
endre-
Oppfordring frå jordbruksdepartementet i USA frå 1918 om å vintermata fuglar.
-
Feeding the Swans av [[Philip Richard Morris frå 1887.
-
Mating av endene av Mary Cassatt, ca. 1894
-
Mating av blant anna svanar ved ein frosen dam.
-
Jente som matar duer i Japan.
-
Julenek på Skansens julmarknad.
-
Kolibri som får sukkerløysing i ein matar.
-
Fylte kokosnøtthalvdelar er ein populær måte å mate småfuglar på.
-
Fuglebrett med havregryn og peanøtter.
-
Fuglebrett med husform.
Kjelder
endre- Vetenskaplig studie av effekterna av fågelmatning för vilda fåglars hälsa.
- Effekten av utfodring av vilda fåglar. Arkivert 2021-12-07 ved Wayback Machine.
- Vintermatning av fåglar
- Julkärve i SAOL
- Görel Kristina Näslund: Julboken
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 Jones, Darryl N.; Reynolds, S. James (2008). «Feeding Birds in Our Towns and Cities: A Global Research Opportunity». Journal of Avian Biology 39 (3): 265–271. ISSN 0908-8857.
- ↑ MoreBirds.com, «A Brief History of Bird Feeding», More Birds (på engelsk), henta 23. mars 2022
- ↑ Moss, Stephen 2004 A bird in the bush. Aurum Press. p 102-103
- ↑ Orros, Melanie E.; Fellowes, Mark D. E. (1. juni 2015). «Wild Bird Feeding in an Urban Area: Intensity, Economics and Numbers of Individuals Supported». Acta Ornithologica 50 (1): 43–58. ISSN 0001-6454. doi:10.3161/00016454AO2015.50.1.006.
- ↑ Richardson, Scott. "Feeding Time." Pantagraph [Bloomington, IL] 31 January 2010. Print.
- ↑ U.S. House. Representative John Porter of Illinois speaking on National Wild Bird Feeding Month. 103rd Cong. Congressional Record (23 February 1994). Volume 140.
- ↑ 7,0 7,1 «Birds that eat at feeders more likely to get sick, spread disease». Arkivert frå originalen 23. september 2015. Henta 31. januar 2017.
- ↑ «Feeding birds». The RSPB (på engelsk). Arkivert frå originalen 6 December 2021. Henta 31 January 2017.
- ↑ «Backyard Feeders: Dangers To Watch Out For | Petcha». www.petcha.com. Arkivert frå originalen 3 February 2017. Henta 31. januar 2017.
- ↑ Skansen, Frågor och svar om fågelmatning Arkivert 2011-11-24 ved Wayback Machine., läst 2012-12-26
- ↑ Fuller, R.A., Warren, P.H., Armsworth, P.R., Barbosa, O. & Gaston, K.J. 2008. Garden bird feeding predicts the structure of urban avian assemblages. Diversity & Distributions 14, 131–137. doi:10.1111/j.1472-4642.2007.00439.x
- ↑ «Please don’t feed the birds at Verulamium Park! | St Albans City and District Council», www.stalbans.gov.uk, henta 24. mars 2022
- ↑ «St. Francis' Assisi bans the feeding of pigeons», Deseret News (på engelsk), 8. januar 2000, henta 24. mars 2022
- Denne artikkelen bygger på «Fågelmatning» frå Wikipedia på svensk, den 21. mars 2022.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Bird feeding» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2022.