Solsikkefrø er frøa til solsikke (Helianthus annuus). Dei kan brukast som mat og ingrediens og til å pressa solsikkeolje frå. Eit heilt solsikkefrø med skal er eigentleg ei frukt der frøet er omslutta av ein fruktvegg eller perikarp. Frøa er opptil 1,65 cm lange. Store frø blir gjerne brukte til mat, medan mindre frø typisk blir brukte til å vinna ut olje.[1]

Kjernen av eit solsikkefrø og ei heil frukt med skal

Det finst tre typar solsikkefrø som er i vanleg bruk. Den vanlegaste typen har høgt innhald av linolsyre, ein annan har høgt innhald av oljesyre, og den siste er frø som blir nytta til å vinna ut solsikkeolje. Kvar variant har eigne innhald av einumetta, umetta og fleirumetta feitt. Informasjonen i denne artikkelen tek hovudsakleg for seg linolsyre-forma.

Svarte solsikkefrø
Kvite solsikkefrø

Solsikkefrø kan vera kvite, brune, svarte eller stripa.[1] For kommersielle føremål klassifiserer ein vanlegvis solsikkefrø etter mønsteret på skala. Viss skalet er heilt svart, kallar ein frøa svartoljesolsikkefrø. Desse avlingane kan ein kalla som oljefrøsolsikkeavlinger. Slike frø blir vanlegvis pressa for å utvinna olja i dei. Stripa solsikkefrø blir først og fremst etne som snacks.

Produksjon endre

Solsikkefrøproduksjon – 2019
Land Produksjon

(millionar tonn)
  Russland
15,4
  Ukraina
15,3
  Argentina
3,8
  Romania
3,6
  Kina
2,4
  Tyrkia
2,1
  Bulgaria
1,9
  Ungarn
1,7
Verda totalt
56,1
Kjelde: FAOSTAT frå SN[2]

I 2019 blei det produsert 56 millionar tonn i verda. Russland og Ukraina var dei største produsentlanda, og stod til saman for 55 % av verdsproduksjonen..Argentina, Romania og Kina bidrog også med store volum. Dei fleste solsikkefrø som blir produserte blir brukte til å laga olje.[1]

Bruk endre

 
Georgisk gozinaki laga av solsikkefrø.

Solsikkefrø kan etast som snacks eller som del av ein matrett. Dei kan òg brukast som garnityr eller ingrediens i ulike oppskrifter. Frøa kan seljast i skalet eller avskala. Dei kan brukast i salatar, bakverk og søtmat. Ein kan òg få frøa til å spira og ha dei i salat.[1]

Frø i skal som skal prosesserast blir fyrst tørka. Deretter kan ein rista dei eller dekkja dei med salt eller mjøl for å halda på smaken. Ein kan også tilsetja ulike smakar.

Solsikkefrø i skalet er særleg utbreidde i middelhavsland, Aust-Europa og Asia, der ein ofte kan kjøpa dei nyleg rista, gjerne som gatemat. Ofte bit ein sund skalet med tennene og spyttar det ut. I USA blir desse frøa ofte brukt av baseballspelarar som alternativ til skråtobakk.[3]

Mekanisk skrelde frøkjerner kan seljast rå eller røsta. Dei kan brukast i brød og andre bakverk for smaken si skuld. Ein kan også ha dei i krokan. I Belarus, Russland, Ukraina og Romania blir røsta, molne frø brukte til å laga ein type halva. Ein kan også laga solsikkesmør av frøa, liknande peanøttsmør, som kan brukast som alternativ til dette i samband med nøtteallergiar.

 
Ekorn mata med solsikkefrø i Japan.

Solsikkefrø kan også brukast som mat til fuglar og kjæledyr.

Næring endre

100 gram tørka heile solsikkefrø inneheld 584 kaloriar og er sett saman av 5 % vatn, 20 % karbohydrat, 51 % totalt feitt og 21 % protein. Frøa er ei rik kjelde på protein (42 % av tilrådd dagleg inntak), kostfiber (36 %), mange B-vitaminar (23–129 %) og E-vitamin (234 %). Dei har også also høgt innhald av kostmineral som magnesium, mangan, fosfor, jern og sink (40–94 %).

Halvparten av ein porsjon på 100 gram er feitt, det meste av det einumetta og fleirumetta feitt. Det viktigaste feittet er linolsyre. Frøa inneheld òg fytosterol, som kan bidra til å senka kolesterolinnhald i blodet.[4]

Pressa olje endre

I løpet av tiåra har solsikkeolje vorte populær over heile verda. Olja kan brukast som ho er, eller kan omarbeidast til fleirumetta margarin. Olja blir vanlegvis ekstrahert ved å legga stort press på solsikkefrøa og samla opp olja. Den proteinrike kaka som er igjen etter at frøa er behandla for olje, blir brukte som dyrefôr.

Den opphavlege solsikkeolja (linolsyre-solsikkeolje) har høgt innhald av fleirumetta feittsyrer (rundt 68 % linolsyre) og lågt innhald metta feitt. Det er utvikla ulike typar plantar med frø som har ein anna feittsyreprofil for ulike føremål.[5][6]

Skal endre

Skala består hovudsakleg av cellulose. Dei tek lang tid å bryte ned, og kan brennast som biomasse.[7] Skala inneheld allelopatiske stoff som er giftige for gras og mange andre hageplantar.[8][9] Berre nokre få hageplantar, som dagliljer, blir ikkje påverka av desse stoffa.[8][9]

I kulturen endre

Ai Weiwei laga ein installasjon av hundre millionar handmala solsikkefrø av porselen,[10] Kui Hua Zi (Sunflower Seeds), som fyrst blei stilt ut ved Tate Modern i London frå 12. oktober 2010 til 2. mai 2011.[11]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Vaughan, J.G.; P.A. Judd (2003), «Sunflower seed», The Oxford Book of Health Foods (Oxford University Press) 
  2. «Crops/World Regions/Production Quantity for 2019 from pick lists for sunflower seeds». UN Food and Agriculture Organization Corporate Statistical Database (FAOSTAT). 2021. Henta 15. september 2021. 
  3. Blount, Roy (6 October 1980). «The Seeds of Content». Sports Illustrated. 
  4. «Sunflower Seeds, Pistachios Among Top Nuts For Lowering Cholesterol». Science Daily. 7 December 2005. Henta 27. mars 2011. 
  5. «National Sunflower Association : Sunflower Oil». Sunflowernsa.com. Henta 27. mars 2011. 
  6. «Sunflower Seeds and Oil | Food Source Information». fsi.colostate.edu (på engelsk). Henta 19. juli 2019. 
  7. «Sunflower shells utilization for energetic purposes in an integrated approach of energy crops: laboratory study pyrolysis and kinetics» (PDF). Bioresource Technology 99 (8): 3174–81. May 2008. PMID 17651967. doi:10.1016/j.biortech.2007.05.060. Arkivert frå originalen (PDF) 7. august 2020. Henta 16. mars 2022. 
  8. 8,0 8,1 «Weed control using allelopathic sunflowers and herbicide». Plant and Soil 98: 17–23. 1987. doi:10.1007/BF02381723. 
  9. 9,0 9,1 «Allelopathic potential of sunflower. I. Effects of genotypes, organs and biomass partitioning». Allelopathy Journal 23 (1): 95–109. 2009. 
  10. «About Ai Weiwei's Sunflower Seeds - Ai Weiwei's Sunflower Seeds», www.aiweiweiseeds.com, arkivert frå originalen 27. mars 2022, henta 16. mars 2022 
  11. «List of Exhibitions: - Ai Weiwei's Sunflower Seeds», www.aiweiweiseeds.com, arkivert frå originalen 5. desember 2021, henta 16. mars 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Solsikkefrø