Furnes kyrkje

kyrkje i Ringsaker i Hedmark

Furnes kyrkje er ei krosskyrkje frå 1708 i Ringsaker kommune, Innlandet. Dette er den fyrste steinkyrkja som vart oppført på Hedemarken etter mellomalderen, med stein mellom anna frå domkyrkjeruinane på Hamar. I byrjinga hadde kyrkja sentraltårn, men ved ei ombygging i 1876–78 etter planar av Paul Due fekk ho vesttårn. Due gav kyrkja eit nygotisk preg, men dette er endra i seinare restaureringar (1914, 1957–58).

Furnes kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Ringsaker
Sokn Furnes
Fellesråd Ringsaker
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 12. juli 1708
 •  Endringar 1811–12, 1876–78, 1914, 1957–58
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Jens Strammerud, 1709
Døypefont Tostrup, 1916
Altartavle Eilif Peterssen, 1880
Orgel J.H. Jørgensen, 1981
Sitjeplassar 390
Diverse Fire vindauge har glasmåleri som framstiller evangelistane. To krusifiks laga av Jens Strammerud. Epitafium frå 1674.
Kart
Furnes kyrkje
60°50′27″N 11°01′17″E / 60.84083333°N 11.02138889°E / 60.84083333; 11.02138889
Wikimedia Commons: Furnes kirke

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre