60°54′10″N 10°43′29″E / 60.90278°N 10.72472°E / 60.90278; 10.72472

Ringsaker kyrkje er prostikyrkje

Ringsaker prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner Ringsaker kommune. Ringsaker kyrkje er prostikyrkje, og prosten er samlokalisert med Ringsaker kyrkjelege fellesråd i Moelv kyrkjesenter.[1]

Prostiet vart oppretta i 2007 då sokna i Ringsaker vart skilde ut frå Hamar domprosti.[2]

Sokn endre

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Brumunddal/Veldre sokn Brumunddal kyrkje
Veldre kyrkje
Ringsaker
Brøttum sokn Brøttum kyrkje
Mesnali kyrkje
Ringsaker
Furnes sokn Furnes kyrkje Ringsaker
Nes sokn i Ringsaker Helgøya kyrkje
Nes kyrkje på Hedmarken
Stavsjø kyrkje
Ringsaker
Ringsaker sokn Ringsaker kyrkje Ringsaker
Åsmarka sokn Åsmarka kyrkje Ringsaker

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Brede Nordhagen (1. september 2007). ««Hovedsetet for Ringsaker prosti lagt til Moelv»». ostlendingen.no, Østlendingen/Ringsaker Blad. 
  2. ««Nytt prosti i Hamar bispedømme»». Hamar bispedøme - kyrkja.no. Henta 14. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff endre