«Future Lover»
Song av Brunette

Land Armenia
Språk Engelsk, armensk
Utgjeve 15. mars 2023
Sjanger Pop
Lengd 02:46
Selskap Gjeven ut på eige merke
Komponist Brunette
Tekstforfattar Brunette
Låtskrivar(ar) Elen Jeremjan

«Future Lover» (norsk omsetjing ‘framtidig elskar’) er ein song av og med den armenske songaren Brunette. Songen blei gjeven ut 15. mars 2023 og var det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i England.

Om songen endre

«Future Lover» er komponert av Elen Jeremjan, kjend under artistnamnet Brunette. Ho blei vald av den armeneske kringkastaren ARMTV til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2023. Gjennom den interne uttakinga, vedtok kringkastaren at «Future Lover» skulle vere det armenske bidraget. Songen har tekst på engelsk og armensk.[1]

Låten blei gjeven ut 15. mars 2023, eit av dei siste bidraga til å bli offentleggjort føre tevlinga i mai.[1] Jeremjan kalla låten for eit «poetisk lerret, eit brev utan mottakar».[2] Ho blei inspirert av eit sitat ho fann på sosiale medium, og «orda blei til ein melodi, og ei heil rekkje kjensler berre eksploderte ut av meg. I løpet av livet ser vi alle etter den eine – den framtidige elskaren, han som skal lekamleggjere draumar, ideal og frykter».[2]

Armenia deltok i den andre semfinalen torsdag 11. mai i Liverpool, og hadde startnummer 2.[3] I semifinalen blei «Future Lover» nummer seks og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[4] I finalen enda låten på 14. plass blant 26 bidrag.[5]

Listeplasseringar endre

Liste (2023) Høgaste
plassering
  Litauen (AGATA)[6] 21

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Vautrey, Jonathan (15. mars 2023). «Armenia'sBrunette releases her Eurovision 2023 song "Future Lover"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 24. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 «Armenia: Brunette reveals her 'Future Lover'». eurovision.tv (på engelsk). 15. mars 2023. Henta 24. mars 2023. 
  3. «SecondSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 24. mars 2023. 
  4. «Brunette». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  5. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  6. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19 May 2023. Henta 19 May 2023.