Fylkesveg 474

veg i Agder
(Omdirigert frå Fylkesveg 205 i Vest-Agder)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 474 (fleirtyding).
Fylkesveg 474
Brokrysset
Brokrysset
Strekning
Hald–Malmø, Lindesnes
Informasjon
Status
Fylke
fylkesveg
Agder
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 474

Fylkesveg 474 går mellom Malmøy og Hald i Mandal kommune. Vegen er 1,9 km lang. Han dannar ein ringveg i Mandal med fylkesveg 477 (tidlegare fylkesveg 201), og møter difor denne vegen to separate stader.

Denne vegen var ein del av dåverande E18, no kalla E39, fram til Kirkeheitunnelen med Skarvøybruene vart opna i 1992. Fleire hus låg då rett inntil vegen utan støyskjermar, men trafikken har sokke vesentleg sidan då.

Fram til 2019 hadde vegen nemninga fylkesveg 205 i Vest-Agder.[1]

Kommunar og knutepunkt

endre

  Lindesnes

Mandal

Halseveien

  •  
  Skogsfjordveien frå Hald mot 459 Dølebrukrysset
  •  
Hald og Hald internasjonale skole
  •   Hald bru (over E39, 36 m)
  •  
477 Gustav Vigelands vei frå Halse mot Brokrysset
  •  
Fv4002 Gjervoldstadveien frå Kirkeheia mot Fv4226 Krossen
Mandal
  •  
Kv Halseveien til Store Elvegate (0,4 km)
  •  
Mandal poliklinikk
  •  
Kv Kirkebakken til   Mandal kirke

Amaldus Nielsens gate

  •  
Kv Amaldus Nielsens gate til Store Elvegate
  •  
477 Skarvøyveien frå Brokrysset mot   Skarvøy bru

Søren Jaabæks vei

  •  
Kv Sandskargata til Buen kulturhus (0,5 km)
  •  
458 Søren Jaabæks vei frå Malmø mot   Skinnsnes

Kjelder

endre
  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Fylkesveg 474